Kva skjer?

august 2018
tyontofrla
303112345
6789101112
13141516171819
20212223242526
272829303112
3456789
Komande hendingar
   

Endring av skrivemåten Niusvegen til Nihusvegen

Formannskapet - sak 31/18: Det er gjort følgjande vedtak i saka:

1.Vegparsellen Niusvegen får endra skrivemåte til Nihusvegen. Grunngjevinga er at Stadnamnstenesta i merknad datert 25.09.2018  presiserer at fjellet som dannar føreledd til vegnamnet, skal skrivast Nihusen i offisielle samanhengar, etter vedtak 16. juni 1992.

2. Vedtak om adressenamn skal etter stadnamnlovas § 6 andre ledd, kunngjerast i minst to aviser som er lesne på staden, eller gjerast kjent på anna høveleg måte. Det er naturleg at vedtaket blir kunngjort på kommunen sine nettsider.
3. Vedtak om adressenamn skal sendast direkte til den regionale stadnamntenesta og eventuelt andre statlege organ som skal bruke namnet i tenesta. I tillegg skal alle vedtak om adressenamn rapporterast til Sentralt stadnamnsregister, SSR. Innmelding til SSR må inkludere adressenamn, representasjonskoordinatar og adressekode.
4. Klage: Etter stadnamnlova er det berre skrivemåten av adressenamn som kan påklagast, og ikkje sjølve namnevalet. Det er først og fremst lokale organisasjonar med tilknytning til namnet som har klagerett. Klageretten gjeld også for andre offentlege organ og verksemder, som for eksempel Statens kartverk og andre som skal bruke det aktuelle namnet i tenesta. Klaga skal sendast til vedtaksorganet, det vil seie til kommunen i saker som gjeld gate og vegnamn (adressenamn). Dersom klagaren ikkje får medhald av kommunen, skal saka sendast til Klagenemnda for stadnamnsaker. Klagenemndas vedtak er endeleg.
 

Sist endra 18.06.2018 15:02
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Rådhuset
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: (fakturaadr. EHF) 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a