Endring i avlesing av vassmålar

Vatn.JPG - Klikk for stort bilete På grunn av kommunesamanslåinga, vil avlesinga av vassmålarar for 2019 vere i januar i staden for i desember.

Dette gjeld alle innbyggjarane i nye Ålesund kommune. Det vil difor ikkje bli sendt ut avlesingskort før i januar 2020, og avrekninga for vassmålarane blir gjort i løpet av dei tre første månadane av året.

Beklager ulempene dette medfører.

Ein vassmålar måler vassforbruket. I løpet av eitt år betalar ein kunde et akontobeløp som tilsvarer den mengden vatn kunden brukte året før. På slutten av året blir vassmålaren lest av og faktisk forbruk blir rekna mot det beløpet som er betalt akonto.

Mange private og alle bedrifter har vassmålar. Det er om lag 8 000 vassmålarar i nye Ålesund.

Sist endra 28.11.2019 10.36