Kva skjer?

juli 2018
tyontofrla
2526272829301
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
303112345
Komande hendingar
   

Er du vår framtidsnavigatør?

Framtidsnavigatør - Klikk for stort bilete

Er du strategisk, framtidsorientert og modig? Då er du kanskje vår nye framtidsnavigatør! Nye Ålesund treng ein strategisk, framtidsorientert og modig medarbeidar.

Nye Ålesund kommune har høge ambisjonar om å utvikle ein sterk innovasjonskultur. Innbyggararane i nye Ålesund skal få gode tenester gjennom heile livsløpet. Skal vi lukkast med dette må nye Ålesund kommune vere ein attraktiv innovasjonsaktør, arbeidsgivar og samarbeidspart.

 
Vi har difor etablert partnarskap og samarbeidsavtalar med næringsliv og akademia som gir oss ein unik tilgang til både teknologisk infrastruktur, forskings- og utviklingsmiljø og kompetansenettverk. Du vil få eit hovudansvar for å utvikle desse samarbeida vidare. Dette omhandlar mellom anna å lage gode rammer for å utnytte potensialet i partnarskapa, og å etablere system for å styre kommunen og partnarskapa sine aktivitetar og innovasjonsprosjekt. For å lukkast må tilsette, innbyggarar og samarbeidspartar vere involverte i arbeidet.
 
Fram mot 2020 inngår stillinga i prosjektteamet for nye Ålesund kommune og du rapporterer til prosjektleiar og komande rådmann for den nye kommunen. Organisatorisk plassering frå 2020 er ikkje bestemt. Prosjektkontoret er plassert sentralt i Ålesund. Vi har i tillegg kontorfasilitetar tilgjengeleg i ulike delar av den nye kommunen, og ved Ålesund kunnskapspark Blue Innovation Arena.
 
Arbeidsoppgåver
Du får den spanande oppgåva med å utvikle, og å setje i system, nye Ålesund kommune sin overordna innovasjonsstrategi. Mange av arbeidsoppgåvene dine vil vere nybrotsarbeid, og du vil få stort handlingsrom.
 
Kvalifikasjonar
Det er ønskeleg at den som blir tilsett har relevant utdanning på doktorgradnivå. Kandidatar som har relevant mastergrad kan bli vurderte.
 
Du må ha:
• God kunnskap og erfaring med organisasjonsutvikling og innovasjonsleiing.
• God kompetanse i strategisk planlegging og evne til gjennomføring.
• God kunnskap om prosessleiing og nettverksarbeid.
 
Det er elles ønskeleg at du har:
• Erfaring med etablering og oppstart av organisasjonar eller utvikling av nye forretningsmodellar.
• Interesse for teknologiske trendar og dei mogelegheitene dette gjev for innovasjon i offentleg sektor.
• God kjennskap til kommunesektoren og offentleg forvaltning.
• God kjennskap til virkemiddelapparatet og forskings- og utviklingsmiljø.
 
Personlege eigenskapar:
• Du er strategisk og systematisk, kreativ og nyfiken.
• Du liker å arbeide mot både enkeltindivid, grupper og samfunn.
• Du set pris på stort handlingsrom og mogelegheit til å gå opp nye vegar.
• Du er god til å kommunisere både skriftleg og munnleg, og evne jobbe godt både sjølvstendig og i samarbeid med andre.
• Du er humoristisk.


Vi tilbyr

Som vår nye medarbeidar får du spanande og utfordrande arbeidsoppgåver på strategisk nivå som inneber å vere med å forme nye Ålesund kommune saman med prosjektteamet og prosjektorganisasjonen. Du får delta i å etablere ein ny storkommune i stor utvikling, og du vil kome i tett kontakt med mange ulike fagmiljø.
 
Meir om nye Ålesund kommune
Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund skal saman bygge nye Ålesund kommune.
 
Den nye storkommunen på Sunnmøre vil få om lag 67 000 innbyggjarar og 7000 tilsette. Dei fem kommunane har saman utarbeidd ein intensjonsavtale som grunnlag for etableringa av den nye kommunen. Nye Ålesund har ambisjonar om å skape ein føregangskommune og styrke regional slagkraft med Ålesund som eit urbant tyngdepunkt. Kommunen sin visjon er: nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet.
 
Det er etablert ein felles prosjektorganisasjon for nye Ålesund som skal samordne, utvikle og bygge den nye storkommunen fram mot 2020. Prosjekt nye Ålesund blir politisk leia av ei fellesnemnd, og administrativt leia av prosjektleiar/ rådmann for den nye kommunen. Innovasjon står sentralt i arbeidet med å samordne og utvikle den nye kommunen.
 
Du finn heile utlysningsteksten, kontatktperson og informasjon om korleis du skal søke i denne stillingsannonsa.
 
Søknadsfristen er 29. august.
Sist endra 06.07.2018 14:50
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Rådhuset
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: (fakturaadr. EHF) 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a