Kva skjer?

mars 2019
tyontofrla
25262728123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
1234567
Komande hendingar
   

Gapahuk på Sætra på Mørkeset

Utvikbygda vel- og idrettsforening har hatt ei imponerande anleggsutbygging siste åra.

Det gjeld m.a. gjenoppbygging av grendehuset som brann ned, turveg frå Mørkeset mot Juvågen og rydding og merking av fleire turstiar mot Storrota og Salbunakken.

Siste prosjekt, som enno ikkje er avslutta, er bygging av gapahuk på Sætra på Mørkeset.

1 (Large).jpg 10 (Large).jpg 12 (Large).jpg 13 (Large).jpg 14 (Large).jpg 15 (Large).jpg 16 (Large).jpg 17 (Large).jpg 18 (Large).jpg 19 (Large).jpg 2 (Large).jpg 22 (Large).jpg 23 (Large).jpg 3 (Large).jpg 4 (Large).jpg 5 (Large).jpg 6 (Large).jpg 7 (Large).jpg 8 (Large).jpg 9 (Large).jpg

Prosjektet starta som eit privat initiativ mellom Stian Brune og Håvard L. Nystøyl, og etterkvart knytta dei til seg ein liten gjeng ivrige dugnadsdeltakarar.

Bygging av gapahuk blei innlemma i turmerkeprosjektet, slik at det var råd å få tilskot gjennom spelemiddelordninga.

Arbeid så langt:

Gapahuken er på det næraste ferdig. Alt tømmer er hogd og saga på staden, med unntak av golvbord og noko trykkimpregnerte materialar til tak (torvstokk og dekkbord).

Det har vore mange tunge tak, men med god innsats har arbeidet gått fint, utan nokon skader.

Dugnadsgjengen er veldig fornøgd med resultatet, og Gapahuken er no open for fri bruk for alle som vil ta seg ein tur.

Vidare arbeid:

Maling (og torv) til våren. Det er vidare planar om å sette opp eit lite bygg for oppbevaring av ved og utedo.

"Offisiell" opning trur dugnadsgjengen kan skje våren 2016.

Nokre nøkkeltal:

- Første dugnad 11. januar 2015

- Timeforbruk pr. 25.11.15: 430 timar (Stian B. estimerer ca. 500 timar totalt når Gapahuken er ferdig)

- 50 dugnadsøkter til no.

- Til saman 23 personer har deltatt på dugnader

 

Sist endra 18.06.2018 15:22
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Nihusvegen 3
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap Teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a