Korleis har ungdommane våre det i Skodje?

Ungdata er eit spørjeskjemabasert verktøy, som gir eit breidt bilde på korleis ungdommane har det og kva dei driv med på fritida.

Undersøkjinga blei i slutten av mars gjennomført ved Skodje ungdomsskule. Alle elevar var inviterte til å svare.  83 % deltok.

Resultata vil bli presentert, gjort kjent og drøfta i ulike samanhengar. Kort kan vi seie at resultata frå Skodje følgjer landssnittet.

Det er viktig å glede seg over alle som gir uttrykk for at dei har det bra. Men det er også viktig å avdekke om det er område der vi må gå saman om å gjere oppvekstvilkåra betre.

Ungdatarapport 2017 (PDF, 8 MB)

Sist endra 06.06.2017 16.44