Kva skjer?

juli 2019
må.ty.on.to.fr.la.sø.
24252627282930
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930311234
Komande hendingar
   

Foreståande byggeprosess Skodje barneskule

Fasade SBS.jpg - Klikk for stort bilete Hausten 2019 er vi i gang med nybygg og fornying av Skodje barneskule, samt fornying av uteområdet. Innan april 2021 skal heile prosjektet vere i hamn.

Skodje barneskule blir i.løpet av dei neste to åra utvida frå to- til tre-parallell, altså med med mellom anna tre klasserom per trinn. Dét treng vi med forventa elevtalsvekst det komande tiåret.

I byggeperioden vil det verte noko endra trafikksituasjon og vi oppmodar alle om å respektere og følge informasjon som vil kome knytt til både køyremønster, parkering osb. Vi går no inn i ein spesiell periode med tanke på logistikk, ferdsel og flyt. Då er det flott om vi alle viser naudsynte omsyn og litt ekstra tålmod.

Utbyggar som vann anbodet er Christie & Opsahl AS.

Prosessen i forenkla og korte trekk blir slik:
- Begge paviljongane vil dei to neste åra bli nytta for avlasting i samband med utbygging ved begge skulane i sentrum. Det aller første som vil skje, er at den gule paviljongen allereie innan skulestart hausten 2019 er flytta til øvre plana nord for barneskulen. Så snart bygge- og fornyingsprosjektet er ferdig våren 2021, blir denne fjerna for godt.

-  Frå skulestart hausten 2019 vil heile området austom barneskulen vere inngjerda anleggsområde. Tilkomst for brukarar (elevar, foreldre og tilsette osb) vil nok i størst mogleg grad bli frå nordsida. Det er òg mogleg at gåande/syklande vil kunne kome inn frå aust - og då mellom nordre del av anleggsgjerdet og ungdomsskulen. Så snart dette er avklart, vil det kome ut betre informasjon frå teknisk avdeling. 

Hovudinngangen til skulen vil dette første byggeåret bli i nordvestre del av eksisterande bygg.

- Litt utpå hausthalvåret 2020 vil nybygget vere innflyttingsklart. Resten av skuleåret 2020/2021 vil så eksisterande skulebygg bli etappevis fornya/ombygd. 

Vi gler oss ekstra til ei framtid med betre plass og eigne spesialrom (mat&helse, naturfag og K&H), til ny aula som samlingspunkt mellom eksisterande og ny bygningsdel og til eit meir allsidig og fornya uteområde.

Helsing Trond rektor

Sist endra 19.06.2019 09:20
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Nihusvegen 3
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap Teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a