Kva skjer?

juli 2017
tyontofrla
262728293012
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31123456
Komande hendingar
   

Har de prosjekt som kan finansierast av spelemidlar?

Turstiar, turløyper, ballbingar, klubbhus, motorsportanlegg, skianlegg, trimparkar – lista er lang over kva det kan søkjast spelemidlar til.
Idrettslag, skyttarlag, kommunar m.fl. kan søkje spelemidlar til både ordinære anlegg og nærmiljøanlegg.
Burettslag og velforeiningar kan søkje spelemidlar til nærmiljøanlegg.
Prosjekt må vere prioritert i årleg politisk vedteken handlingsplan for fysisk aktivitet for å få tilsegn om spelemidlar. 

Vedtak om oppstart av rullering av handlingsprogram (PDF, 364 kB)

Evaluering av søknadsomgongen pr 15.01.17 (PDF, 2 MB)

Det faste planutvalet vedtok i møte 31.05.17, sak 31/17, å starte arbeidet med rullering av handlingsprogramm for fysisk aktivitet 2018-2021.

Skyttarhus, 100 m, stod ferdig i 2016.JPG - Klikk for stort bilete

 


Skodje kommune inviterer med dette idrettslag, skyttarlag, burettslag, velforeiningar og andre til å melde inn prosjekt.


I vedlagt saksutgreiing og evaluering av fjorårets handlingsprogram vil de få meir informasjon om saksgang og fristar.


Det er også råd å ta kontakt med Skodje kommune v/Magne P. Fylling, tlf 70244190, for meir informasjon om sjølve spelemiddelordninga.


Innmelding av nye prosjekt og eventuelle merknader til oppstarta planarbeid skal vere skriftelege, og sendast postmottak@skodje.kommune.no.


Frist for innspel og merknader er sett til 01.09.17. 

Sist endra 02.06.2017 13:27
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Rådhuset
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Org.nr.
: (fakturaadr. EHF) 964980454
Kontonr.
: 4212.23.24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr 9-14. Ons 10-14. Beredskapstlf. teknisk: 99 29 66 35

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a

Galleri