Det vil vere ei rekke tenester som blir berørt av overgangen til nye kommunar. Viss du har avtalegiro eller e-faktura for dei kommunale avgiftene kan du sjekke kva du må gjere.
Her kan du lese om tidlegare informasjon gitt om eigedomsinformasjon og kart
Har du avtalegiro og/eller e-fakturaavtaler med kommunen din?
-
Er avtalen inngått innan slutten av september 2019 vil han automatisk bli overført til nye Ålesund kommune.
-
Ønsker du ikkje å vidareføre avtalen i 2020, må du sjølv slette avtalen i nettbanken/banken din
Ønsker du avtalegiro og/eller e-fakturaavtaler med nye Ålesund kommune?
Vent med å opprette avtaler i nettbank/banken din til etter 1. januar 2020. Nye avtaler i nettbank/bank med Ålesund kommune etter oktober 2019 blir ikkje overført automatisk.
Vil du vite meir om kva det vilseie å teikne ein avtalegiro og/eller e-fakturaavtale?
Det er mogeleg å kombinere avtalegiro og e-faktura. Du må då sende inn skjema for avtalegiro samtidig som du inngår e-fakturaavtale i nettbanken din. Då vil belastninga bli utført på forfallsdato med avtalegiro, og ein e-faktura med spesifikasjon av faktura vil fungere som varsel for betaling. Du vil få varsel på e-post når e-faktura er tilgjengeleg i nettbanken din.