Kva skjer?

desember 2018
tyontofrla
262728293012
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31123456
Komande hendingar
   

Har du forslag til nytt kommunevåpen for den nye kommunen?

Alle kommunene.JPG - Klikk for stort bilete No startar konkurransen om å teikne kommunevåpenet til nye Ålesund kommune. Vil du bidra? Send inn ditt forslag til post.nyealesund@alesund.kommune.no innan 1. november.

- Vi håper på stort engasjement blant innbyggarar, tilsette, skular, barnehagar, næringsliv, lag, foreiningar og alle andre som har gode idear, fortel ordførar i Haram og leiar i komiteen for arbeidet med kommunevåpen, Vebjørn Krogsæter.  

Alle spørsmåla.JPG - Klikk for stort bilete

 Kårar klassevinnar, barnehagevinnar og folket sin favoritt

Alle grunnskule-klassar som teiknar blir med i trekking av ein premie, ein dag på Atlanterhavsparken akvarium i Ålesund med transport. Barnehagar som deltek kan og vinne ein tur til Atlanterhavsparken med ei avdeling frå barnehagen. Etter fristen er ute 1. november vil alle innsende bidrag bli lagt ut elektronisk på www.nyealesund.no Her blir det avstemming for å kåre folket sin favoritt. Folket sin favoritt vinn ei gåveeske med lokalt produserte råvarer til ein verdi av 2.000 kroner. 


Slik kan barnehagen og skulen delta:

Alle skular og barnehagar får no tilsendt mal for kommunevåpen som ein kan skrive ut.  Slik deltek du:

  1. Bruk mal for kommunevåpen eller teikn eit våpenskjold så stort som råd innanfor eit A4-ark.

  2. Fyll ut våpenskjoldet med motivet som du meiner bør symbolisere nye Ålesund kommune. Forslaget kan vere ei skisse – det er ideen som blir vurdert.

  3. Skriv ein kort beskrivande tekst og grunngi kva du har foreslått.

  4. Arket/fila/biletet av teikninga må ikkje innehalde tekst. Skriv forklaringa på kva du har teikna, kvifor og din kontaktinformasjon på eit eige ark eller i e-posten, men ikkje på teikninga. Teikninga skal kunne presenterast åleine og anonymisert

 

Malar:

Du kan velje den malen du selv ønskjer. Den eine er ein moderne variant og den andre er ein tom mal med buet form og krone.
Mal 1: Mal_kommunevaapen1.pdf

Mal 2: Mal_kommunevaapen2.pdf 

 

Her er nokre råd om kommunevåpen

  • Kommunevåpenet er eit offisielt merke som skal vere varig, og bør derfor vere formelt og uavhengig av trendar i dag.

  • Motivet må vere lett gjenkjenneleg og representere den nye kommunen på ein god måte.

  • Kommunevåpen skal innehalde ein metallfarge (gull eller sølv), og ein farge. Fargane som oftast er i bruk er raudt, svart, blått og grønt. 

  • Fargane bør vere reine og klare utan nyansar og sjatteringar.

  • Motivet bør fylle skjoldflata godt, vere forenkla og utan unødvendige detaljar.

  • Våpenet bør være enkelt å kjenne igjen i fart i trafikken, på avstand og i lite format.

  • Motivet skal vere i rein flateteikning, utan bruk av perspektiv og skuggelegging.

Slik sender du inn ditt forslag!

Forslaga må vere levert innan 1. november 2018. Send inn teikning  + forklaring på kva du har teikna + namn, adresse, telefonnummer og e-post  på ein av desse tre måtane:  

  1. I vårt elektroniske skjema

  2. E-post: post.nyealesund@alesund.kommune.no

  3. Post: Nye Ålesund kommune, postboks 1525, 6025 Ålesund.
    Merk konvolutten «Nytt kommunevåpen».  

Skular og barnehagar må gjerne sende inn i sine forslag klassevis.  

Viktig med idémyldring

Målet med den opne idémyldringa er å få fram gode idear. Ved å delta i konkurransen godkjenner du at din idé til nytt kommunevåpen kan bli nytta i den vidare prosessen. Den neste fasa blir truleg ein lukka konkurranse med eit utval profesjonelle byrå. I komiteen for kommunevåpen er det med representantar frå alle kommunar i nye Ålesund kommune. Sjå mandat og meir informasjon om komiteen på vår samleside.

Tidsplan

  • 1. november: Frist for innsending av forslag.

  • November: Komiteen går gjennom alle forslag og skulevinner kåres. Alle forslag blir lagt ut til avstemming for å finne folket sin favoritt.

  • November 2018 - mars 2019: Lukka konkurranse, der eit mindre tal profesjonelle byrå, grupper eller enkeltpersonar i dei fem kommunane blir invitert til å vere med. Det vil bli sett premissar for dei forslaga som blir presentert i denne fasen.

  • Mars 2019-mai 2019: Val av 3 forslag til kommunevåpen som skal vidare til fellesnemnda.

  • Etter mai 2019: Sak opp til Fellesnemnda
    *Datoer med forbehald om endringer.

Kontaktperson:

Leiar for komiteen, ordførar i Haram kommune, Vebjørn Krogsæter, 907 41 899.

Sist endra 17.09.2018 14:44
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Nihusvegen 3
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap Teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a