Kva skjer?

februar 2018
tyontofrla
2930311234
567891011
12131415161718
19202122232425
2627281234
567891011
Komande hendingar
   

Her er forslaga til gatenamn

Vegillustrasjon (ingen) - Klikk for stort bilete Mange har nytta sjansen til å sende inn forslag til gatenam i nye Ålesund. Fristen for å sende inn forslag gjekk ut 31. desember og her får du ei oversikt over forslaga.

Når fem kommunar skal slå seg saman vil det vere fleire gater med same namn, eller namn som er så like at dei må endrast. Tydelege og forskjellige gatenamn er viktig for blant anna effektiv utrykking frå naudetatane, og for å unngå forvirring blant innbyggarar og besøkande.

Det nasjonale regelverket er tydeleg på at alle gater, veger, stiar, plassar og område skal ha eit unikt namn innan kommunen. Det er rundt 70 vegnamn som er dei same eller for like, i dei fem kommunane. Dei enkelte kommunane har fått i oppdrag frå fellesnemnda for nye Ålesund kommune å arbeide fram nye namn til dei aktuelle gatene.

Fram til 31. desember kunne alle sende inn forslag til namneendringar.

No skal namnenemndene og bydelsutvala velje eitt forslag for kvar gate. Forslaget skal sendast til Språkrådet for godkjenning. Når nytt namn er godkjent, skal det enkelte kommunestyre avgjere namnespørsmålet.

16 vegar må skifte namn i Skodje: Bergsvegen, Einevegen, Fjellvegen, Gamlevegen, Gjerdevegen, Karolusplassen, Myrbakken, Nakkevegen, Nesvegen, Porsevegen, Reitane, Remevegen, Skulevegen, Storfjordvegen, Torevegen, Ådalsvegen.
 

  • Bergsvegen er foreslått endra til Nedre Bergsvegen, Ellinggjerde, Ellingsvegen, Berget eller Bergsbakken
  • Einevegen til Barlindvegen, Blåbærvegen eller RoaldvegenFjellvegen til Trollvegen, Solvegen
  • Gamlevegen til Demmevegen, Paddevegen, Grindvikvegen eller Nedre Kriken
  • Gjerdevegen til Fjellbuvegen
  • Karolusplassen til Karolusvegen
  • Myrbakken til Hjellmyrbakken
  • Nesvegen til Aakevegen, Nesråsa, Landevegen, Kalverumpa. Reveråsa, Hjorteråsa, Aakestien eller Gardsvegen
  • Porsevegen til Urtevegen, Balle Klorins veg eller Nedstegata
  • Reitane til Skodjereite
  • Remevegen  til Gomervegen, Nettveien, Breibandveien, Televeien, Flisveien eller Kasseveien
  • Skulevegen til Vallemyrane eller Vallemyrvegen
  • Storfjordvegen  til Storfjordåsvegen, Indrevika, Indrevikvegen, Fjordvegen eller Indrevik
  • Torevegen til Kirstenveien, Torolevegen, Toregarden, Toregardsvegen, Nye Torevegen

Det er ikkje kome inn forslag til namn på Nakkevegen eller Ådalsvegen.

Sist endra 15.01.2018 15:12
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Rådhuset
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap teknisk: 99 29 66 35
Org.nr.
: (fakturaadr. EHF) 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a