Kva skjer?

september 2017
tyontofrla
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
2526272829301
2345678
Komande hendingar
   

Høyring av namnesaker i Skodje kommune

Skodje namnenemd vedtok i møte 31.08.17 å starte namnesak for fire adresseparsellar i Skodje kommune – på Svortahaugen, og i planområda Gyrihaugen i Utvika, Storbakken i Skodje sentrum og soningssenter på Digernes.

Namnenemda legg følgjande aktuelle namn ut på høyring:

Adresseparsell på Svortahaugen

 

  1. Svortahaugen med grunngjeving at ein annan adresseparsell i området har fått namnet Svorta. Namnenemda er av den oppfatning at Svortahaugen er den mest brukte uttalen. Svortahaugen er også namnet som blir brukt i boka Stadnamn for Skodje kommune, utgitt i 1987.
  2. Svortehaugen er eit namn som m.a. blir brukt på nokre kart.

 

Vegar i tre planområde:

1. Gyrihaugen, Utvika.

Aktuelt namn: Gyrihaugen. Grunngjeving: Gyri var ei trollkvinne, kvinneleg troll (gygre = troll). Borna vart skræmde med at ho budde i ei hole nede ved sjøen og kunne ta dei om dei ikkje var snille. Derav namnet i daglegtale.

2. Storbakken, Skodje sentrum

Aktuelt namn: Niusbakken. Grunngjeving: Niusen er ein fjelltopp som kan nåast med fleire ræser som startar i området. Niusbakken vil vere ein av mange bakkar som må forserast i vandringa mot toppen.

3. Soningssenter, Digernes

Aktuelle nanm: a) Bythaugen. Grunngjeving: Bythaugen er namn på ein haug sentralt i området.

b) Digernes vest. Grunngjeving: Det er ei stor utbygging på gang i området, der Digernes er blitt ei merkevare. For å skilje området der soningssenteret skal ligge frå næringsutviklinga i aust, kan Digernes vest vere aktuelt namn.

 

Namneforslaga blir med dette lagt ut til offentleg høyring etter stadnamnslova § 6.

Reglane om høyring er først og fremst knytt til skrivemåten av namnet.

I Skodje kommune ønskjer vi likevel merknader og innspel også på det som gjeld val av sjølve namnet.

Det er formannskapet som skal gjere endeleg vedtak i namnesaker.

Høyringsfrist på aktuelle namnesak er sett til 20. okt 2017.

Merknader og innspel kan sendast til Skodje kommune, kultureininga, Rådhuset, 6260 Skodje, eller på epost til magne.fylling@skodje.kommune.no.

 

 

 

 

Magne Fylling

 

kultursjef

 

 

 

Kart Svortahaugen (PDF, 361 kB)

Kart Gyrihaugen (PDF, 881 kB)

Kart Storbakken (PDF, 376 kB)

Kart soningssenter (PDF, 3 MB)

Sist endra 06.09.2017 15:29
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Rådhuset
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Org.nr.
: (fakturaadr. EHF) 964980454
Kontonr.
: 4212.23.24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr 9-14. Ons 10-14. Beredskapstlf. teknisk: 99 29 66 35

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a

Galleri