Kva skjer?

juli 2018
tyontofrla
2526272829301
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
303112345
Komande hendingar
   

Høyring om breibandsutbygging

Broadband_photo_SeanMacEntee_Flickr_adapted.jpg - Klikk for stort bilete Nye Ålesund skal søkje om pengar for å bygge ut breiband der dei kommersielle aktørane ikkje finn det lønsamt å byggje ut, og ønsker innspel frå innbyggarar, organisasjonar og verksemder om kva område søknaden bør omfatte. Fristen for innspel er 10. mai. 

Kommunane i nye Ålesund kommune ser det som viktig at breiband er tilgjengeleg for innbyggarane i heile kommunen. Dette er nedfelt i intensjonsavtalen for kommunesamanslåinga. Difor vil vi no søkje om midlar til breibandsutbygging, og vi ønsker konstruktive innspel frå innbyggarar, organisasjonar og verksemder i arbeidet med å levere ein god søknad. 

Bakgrunnen for søknaden
Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) organiserer ei tilskotsordning der kommunar kan søke om tilskot til breibandsutbygging i områder dei kommersielle aktørane ikkje finn det lønsamt å byggje ut.
Støtteordninga gjeld område der husstandar og verksemder er utan tilbod eller har ei breibandshastighet på under 10 megabit per sekund. Det kan og søkast om tilskot til områder med reell hastighet mellom 10 og 30 megabit per sekund.

I 2018 vurderer vi å søkje om midlar for å bygge ut breiband kring dei følgande områda:

Haram kommune

  • Krogsæter
  • Vestrefjord
  • Hellestrand
  • Ertresvågen
  • Hellandshamn-Skor- Baraldsneset
  • Reme
  • Gamlem-Hildre
  • Grytastranda-Slyngstad
  • Deler av Lepsøya
  • Deler av Haramsøya
  • Deler av Flemsøya/Skuløya
  • Deler av Fjørtofta.

Sandøy kommune

  • Harøya
  • Finnøya


Skodje kommune

  • Fylling, Langneset
  • Nes
  • Innvika
  • Reiakvam, Brusdal
  • Glomset
  • Håem


Ørskog kommune

  • Barlindhaugen, Solnørdalen og Brautene
  • Valbøen, Gausneset, Amdam, Skarbø, Vestre, Vaksvika, Hatlen


Ålesund kommune

  • Sørsida av Ellingsøya
  • Alvika, Storneset
  • Litlestølen, Uraneset

Prosjektet er et spleiselag der kommunane, Nkom og utbyggar bidreg. Det kan og være aktuelt at innbyggarane bidreg med dugnadsarbeid som f.eks. graving på eiga tomt.

Samstundes med denne høyringsrunden vil kommunen gjere nærare utgreiing av område og kostnad for utbygging. Det kan òg vere aktuelt å søkje om midlar for andre område enn dei som er lista opp her. 

Har du innspel til søknaden?

Gå gjerne saman fleire og beskriv eller mål dekninga der de bur. Skriv gjerne om ynskjer og behov for breiband. Det er òg mogleg å komme med innspel til område.

For spørsmål kan de ta kontakt med Helge Veum på helge.veum@alesund.kommune.no eller tlf. 47505070.

Merk innspel med «Breiband 2018» og send til post.nyealesund@alesund.kommune.no innan 10. mai.
For meir informasjon om ordninga, sjå nyheitssak hos fylkeskommunen og retningslinene for breibandsstøtte på Nkom si heimeside.

Sist endra 10.04.2018 15:21
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Rådhuset
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: (fakturaadr. EHF) 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a