Kva skjer?

oktober 2019
må.ty.on.to.fr.la.sø.
30123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031123
45678910
Komande hendingar
   

Høyring om forskrifter

Skodje - Foto PederOttoDybvik - Klikk for stort bilete Fire forskrifter blir no lagt ut til høyring i kommunane i nye Ålesund. Det gjeld gebyr for saker som gjeld forureirng, brenning av avfall, nedgravne oljetankar og feitthaldig avløpsvatn i avløp. Høyringsfristen er 11. november. 

Høyringsinnspel kan sendast til Nye Ålesund, Postboks 1521, 6025 Ålesund eller digitalt på e-post til post.nyealesund@alesund.kommune.no.

Høyring om Forskrift om gebyr for saksbehandling, kontroll og tilsyn etter forureiningsregelverket

Forskrifta omfattar gebyr for saksbehandling og kontroll/tilsyn med:
1.    opprydding i forureina grunn ved bygge- og gravearbeid
2.    utslepp av sanitært avløpsvatn frå bustadhus, hytter og liknande
3.    utslepp av kommunalt avløpsvatn frå mindre busetnadar
4.    utslepp/påslepp av oljehaldig vatn
5.    påslepp av feitthaldig avløpsvatn til offentleg avløpsnett
6.    forbod mot bruk av mineralolje (fossil olje og parafin) til oppvarming av bygningar

Her er sakspapir og forskrift (PDF, 811 kB) som er til høyring. (PDF)
Høyringsfrist: 11.11.2019.

 

Høyring – Forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar

Føremålet med denne forskrifta er å hindre forureining og helseproblem i kommunen på grunn av bålbrenning og brenning av avfall i småomnar. Forskrifta skal klargjere kva som skal vere tillate av slik brenning.

Her er sakspapira (PDF, 132 kB) og forskrifta (PDF, 693 kB) som er til høyring.(PDF)
Høyringsfrist: 11.11.2019.

 

Høyring om Forskrift om nedgravne oljetankar

Føremålet med denne forskrifta er å motverke fare for forureining frå nedgravne oljetankar. Forskrifta seier også noko om kva områder i kommunen forskrifta skal gjelde for og om størrelsen på tankar som er omfatta.

Her er sakspapira (PDF, 132 kB) og forskrifta (PDF, 474 kB) som er til høyring. (PDF)
Høyringsfrist: 11.11.2019.

 

Høyring om  Forskrift om påslepp av feitthaldig avløpsvatn til offentlig avløpsnett

Føremålet med denne forskrifta er å sikre at kommunalt avløpsnett, pumpestasjonar og reinseanlegg ikkje skal få driftsproblem grunna påslepp av feitthaldig avløpsvatn.
Forskrifta skal sikre at feitt blir fjerna ved kjelda og ikkje blir tilført kommunalt avløpsnett. Forskrifta gjeld for alle verksemder som har påslepp av feitthaldig avløpsvatn, der påsleppet er større enn eit gjennomsnittleg hushald.

Her er sakspapir og forslaget (PDF, 1019 kB) til forskrift (PDF)
Høyringsfrist: 11.11.2019.

Sist endra 01.10.2019 16:00
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Nihusvegen 3
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap Teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a