Publisert 05.02.2019
Skoleskyss_folderbanner.jpg

Skodje kommunestyre vedtok i budsjett- og handlingsprogrammet for 2019 (PDF, 3 MB)å sette av midlar til revidering av trafikktryggingsplanen.

Planarbeidet skal byggje på tidlegare vedteken trafikktryggingsplan for kommunen. Hovudmålet med planarbeidet er å kartleggje trafikkfarlege stader og å prioritere fysiske og haldningsskapande tiltak.

Publisert 04.02.2019
Storbakken Plankart - endeleg

I møte 31.1.2019 vedtok Skodje kommunestyre med heimel i plan-og bygningslova § 12-12, reguleringsplan for Storbakken, slik den ligg føre med plankart, reguleringsføresegner og planomtale, datert 21.12.2018.

Publisert 24.01.2019
Plankart gangveg kyrkje Olmanngjerdet - Offentleg ettersyn

Det faste planutvalet vedtok i møte 22.1.2019 i FPU – sak 3/19 å legge forslag til reguleringsplan for gang- og sykkelveg Skodje kyrkje – Olmanngjerdet ut til offentleg ettersyn.

Eventuelle merknader til saka skal vere skriftelege, og sendast Skodje kommune, 6260 Skodje, innan 10.3.2019.