Informasjon om drosjetransport på helg.

taxi-icon-602136_1920 (1).png - Klikk for stort bilete Samferdselsdepartementet har gjeve Skodje taxi, ved Harald Egil Nilsen, fritak frå kjøreplikt i helgane. Bestilte turar for helseforetaket (pasienttransport), legevaktkjøring og transport ved akutt hjelp vert utført som i dag.

Ut over dette må transport som er ønska utført i helgane bestillast på førehand innan fredag kl.17.00. Ordninga gjeld for transport i tidsrommet fredag kl 17.00 til mandag kl 07.00.

 

Sist endra 01.10.2019 14.44