Kva skjer?

november 2017
tyontofrla
303112345
6789101112
13141516171819
20212223242526
27282930123
45678910
Komande hendingar
   

Informasjon om høve til å søke om redusert foreldrebetaling i barnehage

Lag, foreiningar, skular og andre kan søkje - Klikk for stort bilete Det er innført to nasjonale ordningar  for redusert foreldrebetaling i barnehage, som føresette kan søke på.  

Pusling - Klikk for stort bilete

Nasjonal ordning for reduksjon i foreldrebetalingen

Ordninga går ut på at ingen skal betale meir enn 6 prosent av inntekta si for ein barnehageplass. I 2017 gjeld det for hushaldningar med ei samla inntekt som er lavare enn 550 500kroner per år.

Gratis kjernetid for 3-, 4- og 5-åringer

Frå 1. august 2016 har alle 3-, 4- og 5-åringer, og barn med utsett skulestart, som bur i hushaldningar med lav inntekt, rett til å få 20 timer gratis opphaldstid i barnehage per veke. For barnehageåret 2017-2018 gjeld dette for hushaldningar som har ei samla inntekt som er lavere enn 450 000 kroner per år.

Dette gjeld både kommunale og private barnehager. Føresette kan søke på begge ordningane og det er kommunen som har ansvaret for å forvalte ordningane.

Føresett som søker må bu på samme folkeregistrerte adresse som barnet.

Berekningsgrunnlag:

Berekningsgrunnlaget for redusert foreldrebetaling er hushaldninga si samla personinntekt og skattepliktig kapitalinntekt. Bor eit barn fast hos begge føresette, skal foreldrebetalinga bereknast ut frå inntekta til den føresette som har samme folkeregisteradresse som barnet. Det vil sei at berekningsgrunnlaget er inntekt frå føresett som søker og ev. ektefelle/sambuar/reg. partner, sjølv om denne ikke er føresett til barnet.

Dokumentasjon:

Dokumentasjonskrav for inntektsberekning er siste års sjølvmelding ( 2016).

Dersom søkarar har skattepliktige kapital- eller personinntekter som ikkje står på den førehandsutfylte sjølvmeldinga er ein pliktig å opplyse om desse, slik at inntektsgrunnlaget vert gjenspegla i den faktiske skattepliktige person- og kapitalinntekta. Skattepliktige kapitalinntekter er m.a. renteinntekter, aksjeutbytte, gevinst ved sal av eigendom og lausøyre, leigeinntekter, bruksrettar i kapital og vederlagsfri bruk av andre sine eigedelar.

For søknader som kjem inn innan fristen vil reduksjon i foreldrebetaling gjelde for heile barnehageåret. Det er også  mogeleg å søke om reduksjon undervegs i barnehageåret.  Reduksjonen vil då gjelde frå førstkomande betalingstermin etter at vedtak om reduksjon er gjort. Søknader vert ikkje ferdigbehandla før tilstrekkeleg dokumentasjon er innlevert.

Søknadskjema:

Det er utarbeidd eit elektronisk søknadsskjema for ordninga I Skodje kommune. Søknadsfrist for barnehageåret 2017-18 er 13.august. 2017 Skjemaet er å finne her

Sist endra 16.11.2017 15:23
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Rådhuset
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Org.nr.
: (fakturaadr. EHF) 964980454
Kontonr.
: 4212.23.24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr 9-14. Ons 10-14. Beredskapstlf. teknisk: 99 29 66 35

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a

Galleri