Kva skjer?

november 2017
tyontofrla
303112345
6789101112
13141516171819
20212223242526
27282930123
45678910
Komande hendingar
   

Innovasjon, visjon og verdiar og lokaldemokrati

Innkalling og briller.JPG - Klikk for stort bilete Fleire store tema er på agendaen når styringsgruppa for nye Ålesund møtast på Skodje 13. mars. 

Prosjektet til nye Ålesund er i ferd med å finne si form og prosjektkoordinator vil gå gjennom korleis arbeidet er organisert og kor langt en er komen (PDF, 459 kB).

Det er arbeidsutvalet i nye Ålesund som set dagsorden for styringsgruppa. Det er ordførarane i dei fire kommunane Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund som utgjer utvalet og rådmennene tiltrer gruppa. Her er  referatet frå utvalet sitt møte 7. mars (PDF, 306 kB).

Informasjon frå fylkesmannen
Fylkesmannen hhar sendt eit brev (PDF, 929 kB) til alle kommunane i fylket som driv samanslåingsarbeid. Fylkesmannen skal rettleie og gi informasjon til kommunane i dette arbeidet. Brevet tar for seg kva for samanslåingar som per i dag er i fylket og det at frivilligprinsippet skal gjelde, men at Stortingsfleirtalet har lagt til grunn at det likevel vil kunne vere "...aktuelt i helt spesielle situasjoner der enkeltkommuner ikke må kunne stanse endringer som er hensiktsmessige ut fra regionale hensyn."


Det er Stortinget som gjer vedtak både om kommunesamanslåingar og regioninndelingar. Det skjer i løpet av første del av juni månad.

Innovasjon, visjon og verdiar
Bygging av ny kommune skal bere preg av innovasjon og fornying, ikkje berre fusjonering. Når den nye kommunen står klar i 2020 skal den både ha skapt noko nytt, ha etablert ein varig innovasjons- og utviklingskultur og innovasjonskapasitet. Nye Ålesund kommune ønskjer å utnytte mogelegheitsrommet v i byggjeprosessen 2017-2020 til å utvikle både strukturar og kultur som fremmer fornying og innovasjon på ein meir systematisk måte enn det kvar enkelt kommune har tradisjon for i dag. Styringsgruppa skal difor behandle ein søknad om prosjektskjønn frå Fylkesmannen til å drive innovasjon i praksis.


Det blir også gruppearbeid om kva verdiar nye Ålesund skal byggast på og kva visjon vi skal ha for den nye kommunen. Dette arbeidet er i startfasen.

Demokrati
Nye Ålesund kommune skal tilsette ei eigen prosjektstilling som skal arbeide med å vidareutvikle lokaldemokratiet og sikre at innbyggarar og lokalpolitikarar blir høyrde.

Arbeidsutvalet innstiller til styringsgruppa at nye Ålesund skal melde si interesse for å delta i KS si innbyggarundersøking - Hvor godt er lokaldemokratiet i din kommune.

Møtet
Møtet i styringsgruppa blir halde på Gomerhuset i Skodje og startar med lunsj klokka 12.00. Sjølve møtet varar frå klokka 13.00 til seinast klokka 17.45.

Her er sakslista (PDF, 145 kB)

Styringsgruppa har fem politikarar frå kvar kommune, rådmenn, tillitsvalde og hovudverneombod. 

Sist endra 09.03.2017 10:23
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Rådhuset
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Org.nr.
: (fakturaadr. EHF) 964980454
Kontonr.
: 4212.23.24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr 9-14. Ons 10-14. Beredskapstlf. teknisk: 99 29 66 35

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a

Galleri