Kva skjer?

juli 2017
tyontofrla
262728293012
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31123456
Komande hendingar
   

Interessert i klimavenleg planlegging?

Logo_vertical_315.jpg - Klikk for stort bilete Region Ålesund har ledig eitårig engasjement som prosjektkoordinator for forprosjektet for klimavenleg areal- og transportplanlegging. Det er muleg at stillinga varigheit vil bli forlenga.

Region Ålesund - fra Godøya.jpg - Klikk for stort bilete I Ålesundregionen stend utsleppa frå transportsektoren for ein svært stor del av klimagassutsleppa. Samordning av areal‐ og transportplanlegging er heilt sentralt for å få ned desse utsleppa. Samordning er også sentralt for å få til berekraftig og attraktiv utvikling.

Kommunene i Ålesundregionen har fått støtte frå regjeringa sine Klimasatsmidler til eit forprosjekt der ein skal skaffe eit faglrg grunnlag for å utarbeide ein felles klima‐, areal‐ og transportplan. Forprosjektet skal også etablere ein prosjektorganisasjon for utarbeiding av felles klima‐, areal- og transportplan for Sunnmøre.

Prosjektkoordinatoren vil rapportere til styringsgruppen for Region Ålesund. Organisasjonsmessig vil stillinga ligge ved rådmannens stab i Ålesund kommune.  Det er ei 100 % stilling i utganspunktet for eit år.

Vi ønskjer snarlie tiltreding i stillingen.

Arbeidsoppgåver

Det skal utarbeidast eit fagleg grunnlag for ein samordna klima, areal- og transportplan for regionen. Du vil ha i oppgåve å koordinere dette arbeidet. Dette inneber analyse av regionen og samanhengar mellom arealplanlegging og transportmønster.

Målet er mellom anna å få kunnskap om:
• kor bustadar, arbeidsplasser, industri, vegar, hamner osv. bør lokaliserast i framtida.
• kva områder som bør utviklast og fortettast.
• kva samband som bør styrkast og utviklast for å få til ein overgang frå bil til kollektiv.
• kva arealmessige grep som bør gjerast for å få fleire til å sykle og gå.
• korleis møte dei geografiske utfordringane til regionen med fjorder og fjell og spredt bolig‐ og næringsstruktur.


Det faglege grunnlaget som blir skaffa i forprosjektet skal i neste fase brukast til å utarbeide ein samordna klima, areal- og transportplan for Ålesundregionen. Arbeidet skal skje i nært samarbeid med kommunene, og med brei medverknad frå andre aktuelle aktørar.

I løpet av perioden skal det etablerast ein organisasjon som skal ivareta det vidare arbeidet med klima, areal- og transport i regionen. Prosjektkoordinatoren vil være sentral i dette arbeidet i samarbeid med styringsgruppa for Region Ålesund.

Kvalifikasjoner

Vi søker kandidatar med:
• høgare utdanning innanfor relevante fagområde (arealplanlegging, miljøvenleg transportplanlegging og byutvikling), gjerne på mastergradsnivå.
• erfaring med prosjektleiing.
• praksis fra offentleg planlegging og utgreiing.


Personlege eigenskaper

Vi ser det som særleg viktig at vår nye prosjektkoordinator har:
• analytiske og strategiske evner.
• evne til å jobbe sjølvstendig og leie større prosjekt og prosessar.
• gode evner til samarbeid, kontaktskaping og kommunikasjon.
• god munnleg og skriftleg framstillingsevne.


Vi tilbyr
• Spennande arbeidsoppgåver.
• Godt tverrfagleg arbeidsmiljø med gode kollegaer.
• Gode pensjons- og forsikringsordninger.
• Løn etter avtale.
• Ålesund kommune er ei IA-bedrift.

Her er full utlysningstekst og kontaktinformasjon. Søknadsfristen er 20. august.

Om Region Ålesund

Kommunene i Ålesundregionen (Giske, Haram, Skodje, Sandøy, Sula, Ørskog og Ålesund) deltar i Byregionprogrammet i regi av Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Prosjektet har fått navnet Region Ålesund. Styringsgruppa for prosjektet er ordførarar og rådmenn i dei sju kommunene. Eit sentralt mål i prosjektet er å få på plass ein samordnet klima, areal- og transportplan for Ålesundregionen.

 

Sist endra 14.07.2017 07:52
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Rådhuset
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Org.nr.
: (fakturaadr. EHF) 964980454
Kontonr.
: 4212.23.24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr 9-14. Ons 10-14. Beredskapstlf. teknisk: 99 29 66 35

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a

Galleri