Kva skjer?

desember 2017
tyontofrla
27282930123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
1234567
Komande hendingar
   

Invitasjon til å foreslå gatenamn

Veg - Klikk for stort bilete Skodje fotoklubb

Innbyggjarane i Skodje kommune vert invitert til å kome med forslag til aktuelle namn på dei gatene/vegane som må skifte namn. Fristen er sett til 31.12.2017.
(Les meir om dette ved å trykke på overskrifta. )

Skodje kommune skal 1. januar 2020 bli ein del av nye Ålesund kommune. Det er fem kommunar som skal slå seg saman: Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund. Den nye kommunen vil få om lag 65 000 innbyggarar, og blir den største kommunen mellom Bergen og Trondheim.

Når fem kommunar skal slå seg saman vil det vere fleire gater med same namn, eller namn som er så like at dei må endrast. Tydelege og forskjellige gatenamn er viktig for blant anna effektiv utrykking frå naudetatane, og for å unngå forvirring blant innbyggarar og besøkande. Tenk berre på konsekvensane dersom naudetatane rykkar ut til feil stad på grunn av namneforvirring! Difor seier det nasjonale regelverket at alle gater, veger, stiar, plassar og område skal ha eit unikt namn innan kommunen. Det er rundt 40 vegnamn som er dei same i dei fem kommunane.

Fellesnemnda for nye Ålesund kommune har gitt den enkelte kommune ansvaret for å arbeide fram nye namn til dei aktuelle gatene. Namnenemnda i Skodje ynskjer at innbyggarane i vår kommune skal få kome med forslag til aktuelle namn slik at alle kan få kome til orde og bli høyrde i denne saka. Representantar frå dei fem kommunane har arbeidd fram kva kriterier som skal ligge til grunn for å skifte gatenamn i dei fem kommunane, og fellesnemnda vedtok kriteria i sitt møte 14. september.

Forslag til namn sendast Magne.fylling@skodje.kommune.no innan 31. desember.

  • Forslaget må grunngjevast.
  • For vegnamn som tilhøyrar ei gruppe av same type, til dømes treslag eller geografisk lokalisering, skal namnet som blir foreslått vere i same kategori.
  • Vi inviterer særleg dei som bur i gater som skal skifte namn om å kome med forslag.
     

I kriteria er det lagt vekt på færrast mogleg endringar:

  • Kommunen med flest adresser knytt til eit vegnamn beheld namnet. Talet adresser knytt til næring blir lagt tyngre vekt på enn bustad, noko som vurderast ved skjønn.
  • For vegnamn som i ei gruppe av same type, til dømes treslag eller geografisk lokalisering, skal talet på vegnamn og talet på adresser leggast vekt på, samla sett. Kommunen med flest vegnamn og/eller flest adresser beheld namnet.
  • Ein kommune som naturleg kan erstatte eit vegnamn ved å tak i bruk namn på tilstøytande vegtrasé, beheld ikkje namnet.
  • Vegnamn med ein sterk posisjon for fleire enn innbyggarane, til dømes namn etter viktige personar og/eller namn av historisk tyding for det aktuelle geografiske området, beheld namnet.

Du finn lista over vegnamn som må endrast i dei enkelte kommunane på nettstaden nyealesund.no i nyheitssaken Desse vegane skal forandre namn.

Namnenemnda vil vurdere forslaga som kjem inn. Dei aktuelle forslaga blir så sende til Språkrådet for ein uttale, og blir namnet godtatt der, så kjem forslaget opp til politisk behandling i kommunen i løpet av 2018.

Arbeidet med å få fem kommunar til å bli ein, er godt i gang. Mykje av det som er bestemt til no ligg på eit overordna politisk og administrativt nivå men framover vil det vere fleire avgjerder som skal takast der den nye kommunen ønsker synspunkt og råd direkte frå innbyggarane (og ikkje berre for dei folkevalde), for å få ei best mogleg løysing.

Du kan følge arbeidet med å bygge den nye kommunen på nyealesund.no eller følge Facebook-sida ‘Tilsette i nye Ålesund’, som er open for alle.

Sist endra 23.11.2017 13:43
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Rådhuset
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Org.nr.
: (fakturaadr. EHF) 964980454
Kontonr.
: 4212.23.24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr 9-14. Ons 10-14. Beredskapstlf. teknisk: 99 29 66 35

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a

Galleri