Skodje kommune og Ørskog kommune har i samarbeid med ALV Møre og Romsdal starta eit prosjekt med utprøving av digitale tilsyn i Heimesjukepleien. Digitale tilsyn omfattar mange ulike teknologiske løysingar, og vi ynskjer å opparbeide oss kunnskap om korleis ulike løysingar fungerer.
Vi ser no etter personar som kan tenke seg å vere med på utprøvinga:
- du som allereie mottek tenester frå kommuna
- du som har eit behov vi kanskje kan hjelpe deg med
- du som berre er interessert i å vere med på å prøve ut velferdsteknologi
Dei som melder seg vil før oppstart gå gjennom ein grundigare informasjons- og spørsmålsrunde for å avklare kva teknologisk løysing som kan vere aktuell for den einskilde.
Dersom du eller nokon av dine pårørande kan tenke seg å vere med i prosjektet, ta kontakt med:
Skodje kommune: Helen Østrem, telefon 70 24 40 96, eller send e-post
Ørskog kommune: Kari Sjøholt, telefon 70 27 38 02 eller send e-post
RoomMate.jpg
Biletet viser eit intelligent sensorkamera som varslar om fall automatisk, utan at brukaren treng å foreta seg noko.
Til venstre ligg brukaren på golvet, til høgre ser ein biletet som kjem fram når mottakar får varselet om fallet. (Skjermdump frå VG – sjå link lengre ned i saka)
Velferdsteknologi er mange ting, og den mest kjende i dag er tryggleiksalarmen. Mykje av velferdsteknologien er utvikla særskilt med tanke på eldre og sjuke og dei problemstillingane desse møter i kvardagen, men det kan og vere kjend teknologi som løyser ei utfordring ein person har.
Dersom du vil ha meir informasjon om velferdsteknologi, finn du mykje lesestoff ved å søke på «velferdsteknologi» på internett. Her er nokre få lenker:
-
Informasjonsbrosjyre for prosjektet finn du her (PDF, 419 kB)
-
Ein film om velferdsteknologi, laga av Utdanningsdirektoratet. lenke finn du her
-
Artikkel og ein kort filmsnutt, om eit bufellesskap for demenssjuke i Oslo. Publisert av VG. Lenke finn du her
-
Film med Ina Breivik sin karakter Margot i hovedrolla. Filmen viser ulike løysinger for veferdsteknologi, med eit humoristisk skråblikk på temaet. Lenke finn du her
-
Ein kronikk om velferdsteknologi. Lenke finn du her
-
Helsedirektoratet sine nettsider for velferdsteknologi. Lenke finn du her.