Kva skjer?

desember 2018
tyontofrla
262728293012
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31123456
Komande hendingar
   

Nytt høgdegrunnlag

Skodje kommune har innført det nye høgdesystemet NN2000. Det nye høgdesystemet erstattar det gamle systemet NN1954.

Dette har lite å seie for dei fleste, men kan ha betydning for utbyggjarar, arkitektar, entreprenørar og landmålarar som brukar kartdata frå - eller skal levere kartdata til - kommunen.

Noreg hevar seg framleis etter istida og høgda endrar seg med opp til 5 millimeter i året. Med variasjon i ulike delar av landet. Difor vert nytt høgdesystem innført.

Høgdesystemet som har vore i bruk til no er NN1954. Det står for «Normal null av 1954» og er eit 60 år gamalt system. Nokre stader i landet er høgdene meir enn 30 centimeter for låge. Dette fordi NN1954 ikkje har vore korrigert for landhevinga dei siste 60 åra.

NN2000 Høgdeendring - Klikk for stort bilete


Skodje kommune innfører det nye høgdesystemet NN2000 den 25. april 2016.


NN2000

NN2000 (Normal Null 2000) er eit nytt nasjonalt høgdegrunnlag som omfattar alle kommunale og statlege kartdata. Nullnivå i NN2000 er representert ved ei referanseflate som harmonerer med middelvasstand i referanseåret 2000. Det nye høgdesystemet er eit felles nordisk vertikalt referansesystem som vil vere stabilt i lang tid framover.

Skilnaden mellom NN1954 og NN2000

Kartdata som vert leverte av kommunen etter 25. april 2016 har andre høgdeverdiar (andre z- koordinatar) enn dei har i høgdesystemet NN1954, som er nytta til no. Skilnaden mellom gamal og ny høgdeverdi på same punkt vil vere mellom -2 og +2 cm i Skodje kommune. Andre stader er skilnaden vesentleg større.

Grunnriss (x- og y-koordinatar) vert ikkje påverka av dette. Endringa gjeld heller ikkje historiske eller analoge kart.

NN2000 isolinjekart som viser forskjell mellom NN1954 og NN2000 - Klikk for stort bileteNN2000 isolinjekart som viser forskjell mellom NN1954 og NN2000

Kvifor nytt høgdesystem?

  • einsarta homogent høgdesystem for heile landet, med kjend kvalitet,
  • høgdesystem som stemmer med «marka»,
  • referanseramma (fastmerka) må til ei kvar tid vere betre enn oppmålingsteknologien,
  • nøyaktige 3D-data og data frå lasarskanning stiller større krav til høgdegrunnlaget,
  • meir presis påvising av middelvassnivå er viktig for bygg og anleggsverksemd nær sjøen.

Konsekvensar

Endring av høgdereferanse krev ei omrekning av alle høgdeberande data som gjeld offentlege etatar, planleggarar, arkitektar, entreprenørar og landmålarar som arbeider i og for kommunen. Dei kommunale kartdatabasane som er tilgjengelege for sal i Skodje kommune eller via Kartverket, får nye NN2000-høgder frå 25. april 2016. 


Det er viktig at brukarar av kommunen sine kartdata er merksame på denne overgangen og ikkje blandar gamle og nye data med ulik høgdereferanse.

Høgdene i ein GPS refererer seg til ellipsoiden. For å måle høgder i NN2000 må ein difor leggje inn ny geoidemodell/HREF-modell på måleboka, HREF2016A_NN2000_EUREF89.

Entreprenørar, landmålingsfirma og andre som vil ha tilgang til den nye HREF- høgdereferansemodellen kan ta kontakt med Kartverket.

Merking av data

For å unngå mistydingar etter overgangen må kart, teikningar og dataleveransar merkast med korrekt avmerking av høgdereferanse. Til dømes vil uttrekk av data til ei SOSI-fil etter gjennomføringsdato alltid bli koda med ...VERT-DATUM NN2000 i starten av SOSI-fila.

Meir informasjon

Les meir om NN2000 på Statens Kartverk sine nettsider:

Sist endra 28.04.2016 10:25
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Nihusvegen 3
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap Teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a