Klikk deg til meir nynorsk på nett!

Illustrasjon nettside.jpg - Klikk for stort bilete Eit samrøystes kommunestyre melde tidlegare i år Skodje kommune inn som medlem i LNK – Landssamanslutninga av nynorskkommunar.
LNK har i fleire år satsa på å byggja opp eit godt tilbod på nett – og då særleg for barn og unge. Målet er å vera eit lokomotiv for nynorsk på nett. 

Her finn du nyttige, nynorske nettsider

Her kan du lesa meir om nettstadene:

Framtida.no– nyhende- og debattavisa for unge. Her finn du saker om samfunn, kultur, forsking, skule og jobb. Nettsida har ungdom og unge vaksne om hovudmålgruppe. Ei av dei mest brukte nynorske nettavisene i Noreg. Meld deg på nyhendebrev med siste boknytt!

Magasinett.no – nettidsskrift for elevar i ungdomsskule og vidaregåande. Blir mykje brukt i skulen. Bjarne Bjørnevik frå Skodje har vore ein fast skribent. Sjå til dømes kva han har skrive om sommar på heimstaden.

Lærarrommet – skule.origo.no – tips og råd om korleis du kan bruka Magasinett og Framtida.no i skulen.

Pirion.no  kulturavisa for deg som jobbar med barn i barnehage, småskule og barnebibliotek. Pirion arbeider for å gi lærarar, skulebibliotekarar og barnehagetilsette informasjon om nye barnebøker på nynorsk og korleis ein kan jobba med språkstimulering i barnehage og småskule.

Startsida.no– nynorsk nettportal som gjer nettet nyttigare. Her får du m.a. siste nytt frå Framtida.no, og du kan søkja i ei rad søkjemotorar, Allkunne, Wikipedia og ordbøker.

LNK.no – nettsida til LNK – her finn du siste nytt frå LNK, kommunalt nytt og nytt om nynorsken og språkpolitikk. Meld deg på nyhendebrev!

Sist endra 08.06.2016 12:16