Kommuneplan 2019 - 2029 - Kunngjering om endeleg vedtak

convert.jpeg - Klikk for stort bilete Skodje kommunestyre vedtok kommuneplanen sin arealdel for Skodje 2019 - 2029 i møte 14.3.2019.

Kommunestyret sitt vedtak er bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak, jf. plan- og bygningslova § 1-6.

Vedtaket vert kunngjort i tråd med plan- og bygningslova § 11-15
 

Kommuneplanen sin arealdel fastsett framtidig arealbruk for heile kommunen. Tiltak etter § 1-6 må ikkje vere i strid med planen sitt arealføremål og generelle føresegner, eller føresegner knytt til arealføremål og omsynssoner.

Det er nokre områder som kommunestyret har vald å unnta midlertidig frå arealplanen, og her gjeld framleis arealføremålet som vart vedtatt i førre arealplan i 2007. Dette gjeld desse områda:

- Delar av område på Digernes (BN1)
- Nytt bustadområde på Skodje indre (B7) saman med planlagt badeplass (GF3)

Kommunestyret sitt vedtak kan ikkje påklagast, jf. plan- og bygningslova § 11-16.

Plan- og bygningslova § 11-6 - Om rettsverknad av kommuneplanen sin arealdel.

Kommuneplanen sin arealdel 2019 - 2029 omfattar desse plandokumenta:

Endeleg godkjenning av kommuneplanen sin arealdel 2019 - 2029 - Saksframlegg med vedtak
Plankart 1:20000 - pdf (PDF, 4 MB) 
Plankart 1:20000 - digitalt 
Føresegner (PDF, 2 MB)
Planomtale (PDF, 4 MB)
Temakart 1 - Viktige friluftsinteresser
Temakart 2 - Viktige landbruksområde
Temakart 3 - Vilttrekk og viltområde
Temakart 4 - Ras, flaum og høgspentanlegg
Temakart 5 - Kulturminne
Temakart 6 - Krav om detaljregulering (PDF, 7 MB)
Temakart 7 - Marin grense (kvikkleire)
Temakart 8 - Støy

 

Sist endra 10.04.2019 17.45