Kva skjer?

mai 2018
tyontofrla
30123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031123
45678910
Komande hendingar
   

Kunngjering av reguleringsvedtak

I medhald av plan- og bygningslova §12-12 stadfesta Skodje kommunestyre, 03.05.18, reguleringsplan for Digernes vest - soningssenter m.m, K-sak 24/18.

Planområdet ligg nord for Europaveg 39 og vest for riksveg 661 på Digernes, og utgjer eit samla areal på ca. 270 dekar. Planområdet omfattar fleire eigedomar under gnr. 31 og 33. Vedteken reguleringsplan legg til rette for utbygging av område til soningssenter og noko areal til næring. Reguleringsplan legg vidare til rette etablering av tilkomst via nytt kryss frå fv 661 og areal til grøntdrag. 

Stadfesta reguleringsplan er bindande innanfor planområdet for alle arbeid og tiltak etter plan-og bygningslova §§20-1, 20-2, 30-1 og 30-4. Det samme gjeld frådeling, og anna bruk som kan vanskeleggjere gjennomføring av planen.

Krav om erstatning eller innløysing etter §15-2 og §15-3 i plan-og bygningslova, må vere sett fram seinast 3 år etter denne kunngjeringa. Slike krav skal rettast til kommunen.

Vedtaket kan klagast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal innan 3 veker etter denne kunngjeringa. Eventuelle klager skal grunngjevast og sendast Skodje kommune, 6260 Skodje, til førebuande handsaming. Kopi av vedteken plan og stadfestingsvedtak ligg ved her:

 

Sist endra 14.05.2018 14:37
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Rådhuset
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap teknisk: 99 29 66 35
Org.nr.
: (fakturaadr. EHF) 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a