Kva skjer?

mars 2017
tyontofrla
272812345
6789101112
13141516171819
20212223242526
272829303112
3456789
Komande hendingar
   

Lokaldemokratiet styrkast

Nye Ålesund kommunevåpen - alle 4.jpg - Klikk for stort bilete  Mads Solberg har takka ja til prosjektstillinga for å utvikle nærdemokratiet i nye Ålesund kommune. Målet er å ha eit levande lokaldemokrati og sikre medverknad for lokalpolitikarane og innbyggarane i alle delar av den nye kommunen.

Kommunane som dannar nye Ålesund har klare mål om å utvikle modellar som sikrar brei og reell involvering, medverknad og samarbeid i ein ny kommune. Nye Ålesund kommune har difor tilbydd Mads Solberg stillinga som prosjektmedarbeidar for demokratiutvikling. Stillinga har i utgangspunktet eitt års varigheit, med mogleg forlenging.

Solberg skal gjennomføre prosjektet Innbyggarinvolvering i nye Ålesund kommune, definere styrkar og svakheiter med medvirkningsordingane slik som dei er i dag og samarbeide med aktuelle aktørar for å få innspel til og prøve ut ulike alternative demokratiske modellar.

Solberg får også ei viktig rolle når det gjeld god og kontinuerleg informasjon til innbyggarar og andre om arbeidet med utvikling av lokaldemokrati i den nye kommunen.

Mads Solberg (32) er ålesundar. Han er forskar/doktorgradstipendiat ved Universitetet i Bergen  og ferdigstiller i mars ein samfunnsvitskapeleg doktorgrad som omhandlar teknologiutvikling og kunnskamads uten briller.jpg - Klikk for stort bilete psoverføring i eit marint innovasjonsmiljø. Solberg har tverrfageleg bakgrunn. I mastergraden sin har Solberg spesialisering i antropologi. I bacheloren har han bakgrunn frå antropologi, kognitiv vitskap, og religionsvitskap. Som antropolog er han kjend med ein rekke samfunnsmodellar og er særskilt opptatt av å identifisere styrkar og svakheiter ved ulike organisasjonsformer for politisk aktivitet. Han har i tillegg erfaring frå offentleg forvaltning som informasjonsmedarbeidar og rådgjevar.

Solberg tiltrer i stillinga 1. april og vil vere ein del av prosjektorganisasjonen som arbeider med å danne nye Ålesund.

Fylkesmannen har løyvd prosjektmiddel til revitalisering og utvikling av lokaldemokrati og e-demokrati der medverknad for innbyggarar og næringsliv står sentralt.For meir informasjon kontakt:

Mads Solberg, 408 65 639

Prosjektkoordinator for nye Ålesund kommune, Anne Berit Støyva Emblem, 922 43 364 eller

Strategi- og utviklingssjef i Ålesund kommune, Anne Mette Liavaag, 992 32 321

Sist endra 17.03.2017 14:39
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Rådhuset
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Org.nr.
: (fakturaadr. EHF) 964980454
Kontonr.
: 3910.23.89682
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr 9-14. Ons 10-14. Beredskapstlf. teknisk: 99 29 66 35

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a

Galleri