Kva skjer?

november 2017
tyontofrla
303112345
6789101112
13141516171819
20212223242526
27282930123
45678910
Komande hendingar
   

Manntal i Skodje kommune

Vallogo_2011_gull - Klikk for stort bilete

For å kunne røyste ved Stortingsvalet og Sametingsvalet måndag 11. september, må du stå i manntalet i kommunen.

Du vert innført i manntalet i den kommunen Folkeregisteret har registrert deg som busett per 30. juni i år.

Manntalet er lagt ut til offentleg ettersyn i inngangen på Skodje rådhus. Du kan undersøke om du står i manntalet ved å vende deg til sentralbordet, anten ved personleg oppmøte på rådhuset, eller ved å ringe 70 24 40 00.

Desse har røysterett ved kommunestyre- og fylkestingsvalet:

Norske statsborgarar som:
•vil ha fylt 18 innan utgangen av valåret, og som
•ikkje har mist stemmeretten etter Grunnlova § 53
•er, eller nokon gong har vore, folkeregisterført som busett i Noreg

Ikkje-norske statsborgarar som oppfyller dei øvrige krava, dersom dei:
•har stått innført i folkeregisteret som busett i Noreg dei tre siste åra før valdagen (altså sidan 11. september 2014)
•er statsborgar i eit anna nordisk land og er blitt folkeregisterførte som busett i Noreg seinast 30. juni i år.

Har du budd i utlandet meir enn 10 år kan du søkje om å få bli innført i manntalet i den kommunen du budde i på det tidspunktet du flytta ut. Flytter du attende til landet etter 10 år, vert du ført inn i manntalet i den kommunen du flytter til.

Søknad om innføring i manntalet, eller klage på feil eller manglar, sender du til

Skodje kommune
Rådhuset
6260 SKODJE

 

Sist endra 10.07.2017 11:52
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Rådhuset
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Org.nr.
: (fakturaadr. EHF) 964980454
Kontonr.
: 4212.23.24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr 9-14. Ons 10-14. Beredskapstlf. teknisk: 99 29 66 35

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a

Galleri