Kva skjer?

juli 2017
tyontofrla
262728293012
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31123456
Komande hendingar
   

Kva er MOT!

Skodje kommune har sidan 2005 vore MOT-kommune og er sidan 2010 eit LOKALSAMFUNN MED MOT!  

Kontakt lokalt MOT-team

mot-logo.jpg - Klikk for stort bilete

Kva er MOT?
MOT er ein ideell organisasjon som skapar eit betre oppvekstmiljø og som har program både i ungdomsskulen, vidaregåande skule og på ungdom sine fritidsarenaer.

MOT har fokus på verdiar, holdningar og kommunikasjon - og skulerer ungdom i å vise mot. Mot til å leve, mot til å bry seg og mot til å seie nei.

Dette skal førebygge mobbing, vold og rusmisbruk.

MOT sine hovudmålgrupper er:

  • ungdom i alderen 12-20 år
  • foreldre til barn og ungdom i alderen 0-20 år
  • voksne som holder på med barn og ungdom til dagleg, anten som arbeid eller hobby
  • arbeidslivet 

MOT skal skape varmare og tryggare oppvekstmiljø for barn og ungdom!


Kvifor bli samarbeidskommune med MOT?

  • Alle ungdomsskuleelevane i kommunene blir ein del av MOTs undervisnings- og oppfølgingsprogram. Programmet inneheld 15 besøk frå informatørane fordelt over tre år, til sammen 26 timar pr klasse. I tillegg finst det fleire moglegheiter til å gjennomføre ungdomstiltak i kommunen i samarbeid med MOT.
  • Alle foreldra til ungdomsskuleelevane blir invitert til å vere ein del av programmet "MOT i foreldrerolla" som består av to foreldreforedrag/møter (i 8 og 9 klasse)
  • MOT utdannar eit tilstrekkeleg tal lokale resurspersonar som MOT informatørar. Det er desse som besøker skuleklassene og held foredrag for foreldra.
  • Mot arrangerer i samarbeid med ungdomsskulane kor MOT-programmet blir gjennomført, årlege fagdagar for personalet. Dette gjev personalet eit godt innsyn i den metodikken og pedagogikken som blir brukt i programmet. Det kan også arrangerast foredrag for andre tilsette i kommunen som jobbar med barn og ungdom., eller andre tilsette og politikarar.
  • Ungdomsskuleelevane får utdelt MOT-matriell.
  • Lag og organisasjonar i kommunen kan profilere og arbeide med dei same verdiane og holdningane som ungdommane treff på i skuletida.

Lokalsamfunn med MOT

Eit lokalsamfunn med MOT er ein kommune som nyttar MOT sitt heilskaplege system, har forankring og motivasjon på leiarnivå og eit utvida fellesskap med engasjerte menneske som har felles mål og forståing. Eit samarbeid for haldningsskapande arbeid og bevisstgjering av ungdom.

Skodje kommune har vore MOT-kommune siden 2005, og blei eit lokalsamfunn med MOT 28.oktober 2010.

 

Her finn du mykje nyttig, spanande og interessant om MOT.


 

   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Rådhuset
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Org.nr.
: (fakturaadr. EHF) 964980454
Kontonr.
: 4212.23.24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr 9-14. Ons 10-14. Beredskapstlf. teknisk: 99 29 66 35

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a

Galleri