Kva skjer?

november 2019
må.ty.on.to.fr.la.sø.
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
2526272829301
2345678
Komande hendingar
   

Fellesnemnda møtast for første gong

Felles kommunestyremøte - Klikk for stort bilete 24. august er første møte i fellesnemnda for nye Ålesund kommune og blant sakene er konstituering, val av skybasert prosjektstyringsverktøy og risikoanalyse.

Møtet starter kl. 12.00 og er denne gongen i bystyresalen på Ålesund rådhus. Møtet vert sendt direkte via web-tv. Dette er blant sakene som skal diskuterast:

Val av leiar og nestleiar

Fellesnemnda skal velje leiar og nestleiar blant sine medlemmer. (Inndelingslova §26). Leiar og nestleiar skal fungere fram til det nye kommunestyret, som blir vald ved kommunestyrevalet 2019. Kommunelova sine reglar skal følgjast, og val av leiar og nestleiar for folkevalde organ vert halde som fleirtalsval. Dersom ingen får fleirtal vert det halde ny røysting, ved likt røystetal vert val avgjort ved loddtrekning.

Oppretting av partssamansatt utval

I det felles kommunestyremøtet 21. juni vart det vedteke at det skulle opprettast eit partssamansett utval for samanslåingsprosessen med representantar frå tilsette og arbeidsgjevar frå kvar kommune. Arbeidsgjevar sine representantar i utvalet skal veljast blant fellesnemnda sine medlemmar. Tilsettrepresentantat vert vald av tillitsvalde i kommunane. Ein representant for vernetenesta i kommunane møter med tale- og forlagsrett. Sjå i sakspapir kven som vart foreslått som medlem.

Val av skybasert prosjektstyringsverktøy

Det er nødvendig for prosjektorganisasjonen til nye Ålesund kommune å ta i bruk eit prosjektstyringsverktøy, då det pågår for tida heile 15 delprosjekt. Gjennom IT har ein kome fram til at Prosjektportalen kan nyttast. Det er ein gratis portal, som er utvikla i open kjeldekode basert på ei investering frå Asker kommune i samråd med ein rekkje andre offentlege aktørar. Prosjektportalen er basert på programvara Microsoft Sharepoint.

Arbeidsutvalet gjorde slikt vedtak 16. august:
Arbeidsutvalet vil rå Fellesnemnda til å vedta at prosjektorganisasjonen for nye Ålesund tek i bruk Prosjektportalen som prosjektstyringsverktøy slik det framgår av saksutgreinga. Kostnadane ved kjøp av lisensar til nødvendige brukarar i prosjektorganisasjonen dekkast av prosjektbudsjettet til nye Ålesund.

Overordna risikoanalyse

Det har vore utarbeida ein overordna ROS-analyse med tiltaksplan i juni 2017, frå styringsgruppemøte 19.6.17, og handsama av ei administrativ gruppe i etterkant. Analysa tok utgangspunkt i visjon og mål for bygging av nye Ålesund og omstillingsarbeidet.

Målsettinga med å gjennomføre ei ROS-analyse er å «vere føre var» og kunne setje i verk tiltak for å forhindre at den tenkte hendingar ikkje inntreff. Arbeidsutvalet vil rå Fellesnemnda til å ta tiltaksplanen til orientering. Det skal gjennomførast ny risikoanalyse ved årsskiftet.

Godtgjersle for politisk arbeid i fellesnemnda

Arbeidsutvalet foreslår å utsetje denne saka, og at fellesnemnda vedtek å sette ned ei referansegruppe med ein medlem frå kvar kommune som ikkje er heiltidspolitikar. Rådmann i Ørskog, Synnøve Vasstrand Synnes vert sekretær for gruppa, og det skal leggast fram nye alternativ i saka før den skal opp til handsaming.

Styringsdokument

Ny versjon av overordna styringsdokument «Slik bygger vi nye Ålesund kommune 2020. Overordna styringsdokument for kommunesamanslåing mellom Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund.»

Dokumentet skal vere eit levande dokumentet skal fremleggast til fellesnemnda for godkjenning ettersom fusjons- og utviklingsprosessen går inn i nye fasar, ny og vesentleg informassjon føreligg. Styringsdokumentet skal fungerer som eit basisdokument for korleis vi bygger nye Ålesund, og dannar «kontrakta» mellom fellesnemnda og prosjektleiinga. Dokumentet skal:

Peike ut retning gjennom visjon, mål og verdiar for prosjektperioden

  • Gi oversikt over prosjektet i omfang og oppbygging
  • Tydeleggjere roller og ansvar i prosjektet
  • Gi oversikt over fasar i prosjektet og tiltak i dei ulike fasane.
  • Dokumentet skal til endeleg behandling i fellesnemnda 24. august.

Delprosjekt og frikjøp for tillitvalte

Fellesnemnda skal også behandle mandat for delprosjekt og fri og frikjøp for tilllitsvalde. Sjå saksgrunnlaget i møtedokumenta.

Kven sit i fellesnemnda?

Deltakarar frå dei ulike kommunane i fellesnemnda finn du oversikt over på nettstaden til nye Ålesund kommune.

Meir informasjon:

Mange av desse sakene var oppe til Arbeidsutvalets møte 16. august. Referat fra møtet er tilgjengeleg på nettstaden til nye Ålesund kommune. Møtet blir overført via web-tv. Mer informasjon og lenke kjem før møtet.

Sist endra 21.08.2017 09:52
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Nihusvegen 3
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap Teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a