Nasjonalt turskiltprosjekt på besøk hos Utvikbygda vel- og idrettsforening

Styringsgruppa for nasjonalt turskiltprosjekt på besøk hos Utvikbygda vel- og idrettsforening - Klikk for stort bilete Utvikbygda vel- og idrettsforening fekk i går besøk av Styringsgruppa for nasjonalt turskiltprosjekt som hadde styremøte i Geiranger.

Stian Brune og Håvard Nystøl fortel om prosjekta sine. - Klikk for stort bileteStian Brune og Håvard Nystøl fortel om prosjekta sine. På veg til Ålesund Lufthavn stoppa dei i Utvikbygda for å få orientering om tursti, og gapahuk som som dei har vore med og støtta. Med på turen er representanter frå Gjensidigestiftelsen, fleire fylkeskommunar, Miljødirektoratet, FNF, Turistforeninga og Norsk Friluftsliv. Frå Skodje kommune stilte kultursjef Magne Fylling og ordførar Dag Olav Tennfjord.

Utvikbygda vel- og idrettsforening var representert ved Stian Brune og Håvard L. Nystøyl som kunne by på bålkaffi og nysteikt kringle. Dei fekk informasjon om erfaringane som er gjort med merking av turstiar, bygging av turveg og gapahuk. Vi rakk ikkje besøk på Gapahuken, men med i bagasjen fikk dei ein fyldig rapport med bilder og beskrivelse av prosjekta til foreninga.

God organisering og effektiv organisering av dugnandsgjengane var framheva. Det gode samarbeidet mellom kommune og frivillige lag som vi har fått til i Utvika er eit eksempel til etterfølging. Frå kommunen si side vil vi takke dei to dugnadsgeneralane Stian Brune og Håvard Nystøyl som har lagt ned stor innsats i eit arbeid som mange no har glede av både sommar og vinter.

Sist endra 02.06.2016 17:47