Kva skjer?

mai 2018
tyontofrla
30123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031123
45678910
Komande hendingar
   

Ny i nye Ålesund

Bente Glomset Vikahgen - Klikk for stort bilete Bente Glomset Vikhagen er tilsett som assisterande prosjektleiar i prosjektorganisasjonen for å bygge nye Ålesund, etter intern utlysing.

Bente Glomset Vikhagen er rådmann i Skodje kommune og tiltrer i stillinga som assisterande prosjektleiar 1. april.2018. Det er viktig å ha ein person som kan avlaste prosjektleiar og tilføre prosjektorganisasjonen ressursar i det store arbeidet vi har framfor oss, seier prosjektleiar og komande rådmann i nye Ålesund, Astrid Eidsvik.

To sluttar
Anne Berit Støyva Emblem sluttar i si stilling som prosjektkoordinator 1. april og går tilbake til Kystverket, der ho har hatt permisjon frå stillinga si. Støyva Emblem blei tilsett i stillinga som prosjektkoordinator for prosjektet med å bygge nye Ålesund i januar 2017 og har koordinert arbeidet fram til prosjektleiar Eidsvik kom på plass 1. januar 2018.

Mads Solberg sluttar i stillinga som prosjektmedarbeidar for politisk organisering, lokaldemokrati og innbyggarinvolvering og går til ei stilling som amanuensis ved NTNU. Solberg blei tilsett i prosjektorganisasjonen for nye Ålesund i april 2017.  

Prosjektleiar er i gang med å tilsette to personar i 50 % stilling etter intern utlysning. Desse skal mellom anna dekke arbeidsoppgåvene til prosjektmedarbeideren for politisk organisering, lokaldemokrati og innbyggarinvolvering.

For meir informasjon:
Prosjektleiar og rådmann i nye Ålesund Astrid Eidsvik: 917 72 495
Assisterande prosjektleiar i nye Ålesund Bente Glomset Vikhagen: 950 22 8978

Sist endra 12.03.2018 15:40
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Rådhuset
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap teknisk: 99 29 66 35
Org.nr.
: (fakturaadr. EHF) 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a