Kva skjer?

juli 2017
tyontofrla
262728293012
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31123456
Komande hendingar
   

Nye Ålesund kommune vil tenkje nytt

Arbeid i gruppe 13.03.2017.JPG - Klikk for stort bilete Den nye kommunen skal ikkje berre bli ein samanslåing av kommunar, nye Ålesund vil ta med seg det beste frå alle og bli ein betre kommune. 

 Den nye kommunen har eit motto: Det vi skal, skal vi vere gode til. Det vi vil skal vi tore å gjere noko med. Mottoet blei utarbeida under arbeidet med intensjonsavtalen i fjor og det var i den anda styringruppa møttast til møte på Skodje 13. mars. Møtet hadde stort fokus på verdiar, visjonar og innovasjonstenking. Målet er å ta med seg det beste frå alle kommunane og skape ein kommune med betre tenester og medverknadsmoglegheiter for innbyggarar og lokalpolitikarar. Bygginga av ein ny kommune skal bere preg av innovasjon og fornying, ikkje berre fusjonering.

Eit konkret vedtak frå møtet som peikar i den retning, er vedtaket om å søke om skjønnsmidlar frå fylkesmannen. Nye Ålesund kommune søkjer pengar for å klare å utnytte mogelegheitsrommet kommunen har i byggjeprosessen 2017-2020 til å utvikle både strukturar og kultur som fremmer fornying og innovasjon på ein meir systematisk måte enn det kvar enkelt kommune har tradisjon for i dag. 

Visjon og verdiar
For å riktig sette styringsgruppa i utviklingshumør ,var det lagt opp til gruppearbeid. Visjonen Nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet, låg til grunn. Deltakarane tok utgangspunkt i Ålesund kommune 2025 og gjekk konkret inn i kva arbeid som må gjerast for å nå måla. Gruppearbeidet og tankane rundt arbeidet som må gjerast skal vere til hjelp når dei forskjellige prosjekta skal arbeide fram den nye kommunen.

Organisering av arbeidet
Arbeidet for å nå fram til ein ny kommune er delt opp i fleire delprosjekt, til dømes:
• Personal og omstilling
• Kommunikasjon
• Kartlegging av interkommunalt samarbeid
• Digitalisering og IKT
• Arkiv
• Økonomi
• Innkjøp
• Matrikkel, kart og oppmåling
• Planstrategi og plansamording
• Kulturbygging og verdiar

I tillegg vil det bli delprosjekt for blant anna demokrati/ medverknad, administrativ og politisk organisering og etter kvart prosjektgrupper innanfor dei ulike områda som Skole og SFO, barnehagar, sjukeheimar osb. Gruppene innanfor dei ulike områda vil først starta når det er klart korleis den nye kommunen skal organiserast.


Dette var det første møtet Haram var med på etter at regjerings- og stortingspartia har informert om at dei vil innstille på at Haram skal inngå i nye Ålesund kommune. Haram kommune deltok i dette styringsgruppemøtet med sitt tidlegare forhandlingsutval, rådmann og tillitvald, kommunestyret gjer formelle val til styringsgruppa i kommunestyremøte 6. april.


Det er mogleg å lese heile referatet frå styringsgruppemøtet og sjå liste over alle deltakarane (PDF, 202 kB).
 

Sist endra 20.03.2017 07:35
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Rådhuset
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Org.nr.
: (fakturaadr. EHF) 964980454
Kontonr.
: 4212.23.24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr 9-14. Ons 10-14. Beredskapstlf. teknisk: 99 29 66 35

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a

Galleri