Kva skjer?

mai 2018
tyontofrla
30123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031123
45678910
Komande hendingar
   

Nye namn på 16 vegar i Skodje kommune

Formannskapet - sak 34/18 Det er gjort følgjande vedtak i saka:

1. Dei 16 vegane i Skodje kommune som må endre namn pga av kommunesamanslåinga, får slike nye namn:
Bergsvegen blir Bergsbakken
Einevegen blir Einebærvegen
Fjellvegen blir Nihusvegen
Gamlevegen blir Grindvikvegen
Gjerdevegen blir Ole Andreas-gjerdet
Karolusplassen blir Grindvikvegen
Myrbakken  blir Hjellmyrbakken
Nakkevegen blir Simengjerdet
Nesvegen blir Nesgardsvegen
Porsevegen  blir Sørlivegen
Reitane blir  Skodjereite
Remevegen blir Gomervegen
Skulevegen  blir Vallemyrane
Storfjordvegen blir Indrevikvegen
Torevegen blir Toregarden
Ådalsvegen blir Ådalen allé 

2. Vedtak om adressenamn skal etter stadnamnlovas § 6 andre ledd, kunngjerast i minst to aviser som er lesne på staden, eller gjerast kjent på anna høveleg måte. Det er naturleg at vedtaket blir kunngjort på kommunen sine nettsider.
3. Vedtak om adressenamn skal sendast direkte til den regionale stadnamntenesta og eventuelt andre statlege organ som skal bruke namnet i tenesta. I tillegg skal alle vedtak om adressenamn rapporterast til Sentralt stadnamnsregister, SSR. Innmelding til SSR må inkludere adressenamn, representasjonskoordinatar og adressekode.
4. Klage: Etter stadnamnlova er det berre skrivemåten av adressenamn som kan  påklagast, og ikkje sjølve namnevalet. Det er først og fremst lokale organisasjonar med tilknytning til namnet som har klagerett. Klageretten gjeld også for andre offentlege organ og verksemder, som for eksempel Statens kartverk og andre som skal bruke det aktuelle namnet i tenesta. Klaga skal sendast til vedtaksorganet, det vil seie til kommunen i saker som gjeld gate og vegnamn (adressenamn). Dersom klagaren ikkje får medhald av kommunen, skal saka sendast til Klagenemnda for stadnamnsaker. Klagenemndas vedtak er endeleg.

 

Sist endra 14.05.2018 16:58
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Rådhuset
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap teknisk: 99 29 66 35
Org.nr.
: (fakturaadr. EHF) 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a