Kva skjer?

februar 2018
tyontofrla
2930311234
567891011
12131415161718
19202122232425
2627281234
567891011
Komande hendingar
   

Nye vegnamn på Håem og Tøssebru

I brev dat 05.01.18 frå Klagenemd for stadnamnssaker får vi ei endeleg avgjerd på to namnesaker som har pågått i fleire år.

Det blir slått fast at skrivemåten skal vere Håem, Håemsvik, Tøssebru, Tøssebruvåg og Tøssebruneset.

Skodje namnenemd vedtok i møte 24.01.18 å starte namnesak for tre adresseparsellar som er blitt utsett i påvente av namneavklaringa. 

1. Det blir oppretta ordinær namnesak for vegnettet i Håhjem næringsområde.

Forslag på vegparsellnamn: Håem næringsområde. Grunngjeving: Vegparsellen ligg på næringsområdet på Håem

2. Det blir oppretta ordinær namnesak for vegen til Karlvika.

Forslag på vegparsellnamn: Karlvikvegen. Grunngjeving: Vegen går til Karlvika.

3. Det blir oppretta ordinær namnesak for veg til Tøssebru.

Forslag på vegparsellnamn: Tøssebruvegen. Grunngjeving: Vegen går til Tøssebru.

Namneforslaga blir med dette lagt ut til offentleg høyring etter stadnamnslova § 6.

Reglane om høyring er først og fremst knytt til skrivemåten av namna.

I Skodje kommune ønskjer vi likevel merknader og innspel også på det som gjeld val av sjølve namna.

Det er formannskapet som skal gjere endeleg vedtak i namnesaker.

Høyringsfrist på aktuelle namnesaker er sett til 20. mars 2018.

Merknader og innspel kan sendast til Skodje kommune, kultureininga, Rådhuset, 6260 Skodje, eller på epost til magne.fylling@skodje.kommune.no.

Håem næringsområde (PDF, 622 kB)

Karlvikvegen (PDF, 533 kB)

Tøssebruvegen (PDF, 524 kB)

Klagenemda sitt vedtak: Tøssebru (PDF, 59 kB)

Klagenemda sitt vedtak: Håem (PDF, 81 kB)

Sist endra 02.02.2018 12:54
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Rådhuset
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap teknisk: 99 29 66 35
Org.nr.
: (fakturaadr. EHF) 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a