Kva skjer?

desember 2019
må.ty.on.to.fr.la.sø.
2526272829301
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
303112345
Komande hendingar
   

nyealesund.no er lansert

nyealesund-nettside.jpg - Klikk for stort bilete Lurer du på kva som skjer med etableringa av nye Ålesund kommune? Då bør du følgje med på www.nyealesund.no.

Åpne prosessar

- Nettsida blir ein viktig arena for innbyggarane, tilsette i kommunane, politikarar og media. Her kan alle sjå når vi har møte, og finne møtedokument og informasjon om arbeidsgrupper og prosjektet, seier Anne Bente Skjellum, kommunikasjonsleiar i prosjektet for å danne nye Ålesund kommune.

Nettsida omhandlar kommunane Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund.Haram er med i prosessen etter innstillinga til Stortinget som seier at Haram skal vere med på tvers av lokalt vedtak. Haram har vald å vere med i det førebuande arbeidet inntil vidare. Stortinget fattar vedtak om Haram skal inn 8. juni.

Nyealesund.no er eit supplement til kommunane sine eigne nettsider, og får ei levetid på knappe tre år.  Når den nye kommunen er etablert 1. januar 2020, vil ein permanent kommuneportal for nye Ålesund kommune vere på plass.

- Nettsida, som er utvikla av kommunikasjonsavdelinga i Ålesund kommune i samarbeid med kommunikasjonsansvarlege i alle dei deltakande kommunane, er eit av mange tiltak som skal sikre at arbeidet fram mot den nye kommunen blir lett å følge for alle, seier Skjellum. Involvering av tilsette og innbyggjarar er eit sentralt element for å lykkast.

Kva finn du der?

-På nyealesund.no kan du følge det arbeidet i styringsgruppa og delprosjekta – du kan sjå både mandat, kven som er med og referat frå møta. Du kan også komme med eigne innspel.

- Vi vil bruke nettstaden til nyheiter og til å formidle kva som kjenneteiknar nye Ålesund. Nyealesund.no er også intranettside for dei tilsette i den nye kommunen. Det er viktig for oss at alt om prosessen og arbeidet med den nye kommunen er tilgjengelig for alle som ønsker å følge med, avsluttar Skjellum.

 

Sist endra 27.04.2017 11:06
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Nihusvegen 3
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap Teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a