God stemning på første styringsgruppemøtet 6.10.2016

Illustrasjon 6.10.2016.JPG - Klikk for stort bilete

Styringsgruppa for nye Ålesund kommune møttast for første gong 6. oktober, mellom anna for å snakke om korleis kommunane skal omstille seg og fylkesmannen si tilråding om kommunereformen i fylket.

Dette var det første møtet for styringsgruppa for nye Ålesund kommune. Styringsgruppa består av fem politikarar frå kvar kommune og rådmennene. Fleire tillitsvalde og leiarar frå dei tre kommunane Sandøy, Skodje og Ålesund var oppmoda om å komme på møtet og fleire var til stades. Personalsjefane og økonomisjefane i dei tre kommunane var spesielt inviterte.

Fylkesmannen si tilråding

Fylkesmannen la 3. oktober fram si tilråding til framtidig kommunestruktur i Møre og Romsdal.  På kort sikt ser ha for seg at fylket blir delt i 16 kommunar. Den eine omfattar dei som no er  Giske, Haram, Sandøy (med unntakt av øyane Orten, Sandøya og Ona), Skodje, Sula og Ålesund.

Styringsgruppa drøfta kva tilrådinga har å seie for arbeidet i gruppa og konkluderte med at gruppa er positiv til at den nye kommunen kan omfatte fleire enn kommunane Sandøy, Skodje og Ålesund. Alle som ønskjer å bli med i arbeidet for å skape ein ny kommune er velkomne inn i styringsgruppa.

Styringsgruppa vil at kommunane Sandøy, Skodje og Ålesund sender brev til fylkesmannen og departementet om at noverande Sandøy kommunen ikkje bør delast slik at tre av øyane blir ført over til ein annan kommune. Det er svært viktig at havrommet i heile Sandøy kommune blir omfatta av eitt og same planregime.

Omstillingsplan

Møtet starta med at personalsjefane presenterte nokre tankr om korleis kommunane kan omstille seg best mogleg  og kva ei omstillingsplan er og bør ha vekt på.

Ei omstillingsplan bør innehalde:

  • Visjon og motto nedfelt i intensjonsavtalen.
  • At vi må ha ein plan for det vi skal gjere.
  • Retning for prosessen.
  • Tidsplan.
  • Arbeidsrettslege spørsmål.
  • Korleis skape felles forståing, språk og kultur.
  • Suksessfaktorar for å lykkast med omstilling.

Etter presentasjone var det gruppearbeid for å få fram sysnpunkt og idéar om ting som bør inn i omstillingsplanen. Personalsjefane og rådmennene skal arbeide vidare med omstillingsplanen fram til neste møte i styringsgruppa.

Framdriftsplan

Ei skisse til framdriftsplan blei lagt fram og vil bli drøfta vidare. Det er viktig at det er tydelig at ansatte, innbyggere og politikere vet hvordan arbeidet er planlagt og hvordan medvirkning for alle grupper er ivaretatt.

Referat

Du kan lese heile referatet frå møtet 6. oktober (PDF, 365 kB)

Neste møte

Neste møte i styringsgruppa blir halde torsdag 10. november får klokka 10.00. Då er det Ålesund kommune som er vertsskap.

Sist endra 11.10.2016 07:18
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Nihusvegen 3
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap Teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a