Samandrag av intensjonsavtale "Storfjord kommune"

Skodje, Ørskog, Norddal og Stordal har som mål å slå seg saman for å etablere ein livskraftig kommune der alle arbeider saman for å utvikle attraktive og gode lokalsamfunn. Kommunen skal ha framtidsretta tenester til det beste for den enkelte innbyggar og næringslivet. 

Demokrati

Storfjord kommune skal arbeide for eit sterkt lokaldemokrati med god representasjon frå heile kommunen med brei politisk deltaking.
Den nye kommunen skal organiserast etter formannskapsmodell. Kommunestyret er det overordna  politiske organet i kommunen. For å sikre heilskaplege og likeverdige tenester, skal det etablerast hovudutval som svarar til dei kommunale fagområda.
Kommunen skal stimulere til aktiv lokaldemokratisk medverknad også mellom vala ved mellom anna å ta i bruk  nye møteformer og digitale verktøy.

Tenesteutøving

Administrasjonsstaden skal leggast til Sjøholt og her vil den politiske og administrative leiinga vere plassert.
Kommunen skal gi eit heilskapleg, likeverdig og tverrfagleg tilbod til alle innbyggarane i den nye kommunen.
Det er eit mål å styrke fagmiljø, og ha ein desentralisert struktur – eventuelt gjennom mobile løysingar. Dette kan td. gjelde: kulturskule, bibliotek og helsetenester.
Den nye kommunen skal ha som mål å løyse flest muleg av dei kommunale oppgåvene sjølv, men vil fortsatt vere avhengig av interkommunale samarbeid for å levere nokre av tenestene. Fellesnemnda får i oppdrag å vurdere kva for teneste ein kan handtere innanfor den nye kommunen.
Digitale løysingar skal vere fyrstevalet for Storfjord kommune. Ambisjonen er å gjere medverknad mellom kommune, innbyggjar og næringsliv enklare.

Samfunnsutvikling

Storfjord kommune skal ha ei overordna samfunns- og arealplanlegging som legg til rette for utvikling i heile kommunen. Det skal også leggast vekt på plansamarbeid med nabokommunar.
Kommunen vil utvikle og skape felles identitet, utvikle attraktive bu-område, styrke næringsutvikling og ha ein god infrastruktur internt og eksternt. Difor vil kommunen arbeide for raskast mogleg realisering av samferdsle-prosjekt som knyter kommunen og omlandet saman.

Økonomi

Prinsippet som vert lagt til grunn er at alle kommunar går inn i den nye kommunen som dei er, og legg i potten det dei har.
Den nye kommunen skal harmonisere  skatter og avgifter, og utnytte inntektspotensialet gjennom til dømes eigedomskatt.  
Alt frå hausten 2016 skal ein starte å tilpasse seg ein felles økonomiplanprosess for å bygge den nye kommunen.

Storfjord kommune vil:

• Ha ei open forvaltning med høg etisk standard
• Ta vare på den enkelte innbyggar sin rettstryggleik gjennom kompetent og profesjonell sakshandsaming
• Legge til rette for næringsutvikling og attraktive buområde i heile kommunen
• Arbeide for E39 Møreaksen med trasè K2 over Ørskogfjellet
• Prioritere Børdalslinja og Storfjordsambandet
• Arbeide for styrking av  kollektivtransporten, for å redusere bilbruken
• Delta aktivt i plansamarbeid med Ålesundsregionen.
• Støtte  frivillig innsats

 

Sist endra 18.04.2016 17:28
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Nihusvegen 3
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap Teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a