Adresseendring på nett
Tall om Skodje kommune
Atlanterhavsparken
Visit Ålesund

Kva skjer?

november 2017
tyontofrla
303112345
6789101112
13141516171819
20212223242526
27282930123
45678910
Komande hendingar
   

Om kommunen

Skodje kommune er ein middels stor kommune i Møre og Romsdal, med eit areal på ca. 124 kvadratkilometer. Kommunen ligg svært sentralt i Ålesundsregionen, og grensar til Ålesund i vest, Haram i nord, Vestnes i nord-aust, Ørskog i aust og Sykkylven over fjorden i sør.

convert.jpeg - Klikk for stort bilete

Skodje kommune har 4 667 innbyggjarar (pr.01.01.2017), og har hatt ein svært sterk vekst dei siste åra. Skodje har ei ung befolkning, der omlag 60% av innbyggjarane er under 40 år. Skodje er mellom anna staden med kortast veg til flest andre kommunesentra i fylket, ligg kort veg frå Ålesund og Ålesund Lufthavn Vigra, og i tillegg går E39 tvers gjennom kommunen. Den sentrale plasseringa, gjer at Skodje er ein attraktiv bu-kommune. Her bur ein nær både natur og by, og har kort veg til ein stor arbeidsmarknad i og omkring kommunen.
 
Meir enn halvparten av kommunen sin innbyggjarar bur i Skodjebygda, medan resten bur i krinsane Glomset, Svorta (Valle), Brusdal, Utvikbygda, Stette og Engesetdal.

Aktivitetar i nærområda
Skodje har eit flott fjordlandskap med gode vilkår for fiske og friluftsliv. Kommunen er omkransa av vide skogar med idylliske sætrar og gamle skogsvegar, snaufjell og toppar med vidt utsyn. Her er spesielt gode tilbod for eit aktivt friluftsliv året rundt.

Saltvasstraumen ved dei flotte Skodjebruene i Straumen er ein god fiskeplass. I Solnørelva er det laksefiske.

Området ved bruene over Straumen er mykje brukt til dykking, og i Atlanterhavsparken er det særprega undervassmiljøet i denne straumen gjenskapt.

Om vinteren blir det fleire plassar kjørt opp skiløyper, og i det lengste samanhengande rutenettet kan du gå milevis på kryss og tvers i preparerte løyper mellom Skodje sentrum, Fylling, Ørskog, Ørskogfjellet, Tomrefjord og så vidare. Ruta ligg i familievennleg terreng, og går innom ulike stølar i området. Løypenettet er eit samarbeid mellom idrettslag i Skodje, Ørskog og Vestnes, og er blitt populært som utfartsstad også for folk utanfrå desse kommunane.

Ved Solnør Gaard Golfbane ligg den einaste 18 hols golfbana mellom Trondheim og Bergen i praktfulle omgjevnader.

Det er utarbeidd ei flott turkart-mappe over Skodje og nabokommunane, der dei fleste aktuelle tur-ruter er innteikna. Mappa er til sals i bokhandlar og i butikkar der turkart blir selt. 

Kommunen har eit rikt kulturliv, med mellom anna ni idrettslag, fleire kor og musikkorps. Skodje Trial Klubb og Engesetdal og Skodje skyttarlag har utøvarar i Norgestoppen. Skodje IL er det største idrettslaget med ulike idrettar/aktivitetar og svært mange fotballag i aldersbestemte klassar. På Skodje idrettsråd si heimeside finn du meir om dei ulike idrettslaga i kommunen. Musikkfestivalen og akademiet Fjord Cadenza har etablert seg med internasjonalt renommé, og har vore arrangert i Skodje fleire somrar.

Hausten 2010 stod Gomerhuset ferdig, og har gitt kommunen både fleirbrukshall og kulturhus. Dette representerer eit stort løft for kulturlivet i Skodje!

Skule, omsorg og arbeid
Skodje kommune har to barneskular og ein ungdomsskule, i tillegg er det to privatskular i kommunen. Kommunen har god barnehagedekning, med tre kommunale og ein privat barnehage.

Hausten 2002 stod den nye sjukeheimen ferdig, med 40 plassar.

Kommuneadministrasjonen er lokalisert i Skodje rådhus. I same bygning finn du helsesenteret.

Kommunen har variert næringsverksemd, med mellom anna industri, oppdrett og jordbruk. Kommunen har tre industriområde, på Håhjem, Digernes og Stette, og i alle desse industriområda er der ledige areal.

Over halvparten av kommunen sine arbeidsføre pendlar ut av kommunen på arbeid.

Bruene
Kommunevåpenet har motiv frå Skodje bru (Straumsbrua), som i si tid var Nord-Europas største steinbru. Brua stod ferdig i 1922, men er frå 2004 ikkje i bruk som bilveg. Den gamle brua er no sykkel- og gangveg og skal bevarast som kulturminne. Ny bru vart teken i bruk 3. juli 2004, og området ved Straumen har fått ein ny attraksjon der ny og gamal tid speglar kvarandre. Den nye brua er finansiert av bompengar. Området ved bruene er flott lagt til rette av Statens Vegvesen og er vel verdt eit besøk! 

 

to_bruer.jpg - Klikk for stort bilete bru1920b.jpeg - Klikk for stort bilete

   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Rådhuset
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Org.nr.
: (fakturaadr. EHF) 964980454
Kontonr.
: 4212.23.24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr 9-14. Ons 10-14. Beredskapstlf. teknisk: 99 29 66 35

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a
Information in english
Skodjebrua AS

Galleri