Open dag i Ådalen allé

Ådalen allé.jpg - Klikk for stort bilete Tirsdag 28.05.2019 kl.18.00-20.00 inviterer Skodje kommune til open dag i dei nye døgnbemanna omsorgsbustadane i Ådalen allé.

Dette er eit nytt omsorgstilbod mellom eigen heim og institusjon.
Alle som ynskjer det kan denne dagen kome og sjå kor fint og praktisk bygget har vorte. Der vil vere mogeleg å få informasjon om ulike prosjekt knytt til mellom anna kvardagsrehabilitering. 

  
Kommunen overtek bygget 15.mai og då kan dei tilsette starte med å gjer seg kjent med bygget og dei ulike løysingane. Dei fyrste leigetakarane vil kunne flytte inn frå begynnelsen av juni.

Alle som ynskjer å kome og sjå er hjarteleg velkomne.


Sist endra 15.05.2019 12.39