Fellesnemdna i nye Ålesund har sitt første møte i dag, 24. august, klokka 12.00. Du kan følge møtet på nett-tv.
Sidan det første møtet er i Ålesund rådhus, blir møtet streama over bystyrets web-tv. Velg fellesnemnda. Sendinga startar ikkje før møtet byrjer.
Fellesnemnda i nye Ålesund har fem politiske medlemmer frå kvar kommune i den nye kommunen – Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund.
Fellesnemnda skal fungere som eit felles kommunestyre for arbeidet i den nye kommunen i perioden fram til 1. januar 2020 då den nye kommunen skal tre i kraft og det valde kommunestyret med 77 representantar skal overta.
I det første møtet så skal fellesnemnda konstituere seg, velje prosjektstyringsverkty, gå gjennom mandata til delprosjekta.
Du finn alle sakspapira under Om nye Ålesund kommune > dokument >fellesnemnd.
Les også: Fellesnemndna møtast første gong
Framtidige møter
Som dei andre møtene i prosjektet for å skape nye Ålesund kommune vil fellesnemnda sine møte haldast i alle kommunane.