Det er Fylkesmannen som kallar inn dei fem kommunane til felles kommunestyremøte. Eit felles kommunestyremøte er nødvendig fordi Stortinget 8. juni vedtok at Haram går inn i nye Ålesund på tvers av lokalt vedtak. Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund har frivillige vedtak.
Det felles kommunestyret blir halde på NMK (Norsk Maritimt kompetansesenter) i gamle Ålesund, 21. juni kl. 15.00– 22.00.
Program
15.00 – 17.00: |
Felles kommunestyremøte med drøftingar. Kommunane sit kommunevis. Det skal ikkje treffast vedtak i det felles kommunestyremøte, møtet er av prosessleiande karakter. |
17.00 – 19.00: |
I forlenging av fellesmøtet blir det gjennomført separate kommunestyremøte der kvart kommunestyre formelt handsamar drøftingssakene. Alle blir sittande i salen under begge møta til alle kommunestyra er ferdige. |
19.00 – 22.00 |
Sosial markering med servering, kulturelle innslag og talar. |
Følg møtet
Møtet er eit politisk møte, så det vil vere mogleg å vere til stades. Møtet blir også overført direkte på nettsida nyealesund.no og andre nettstader. Meir informasjon vil kome nærmare møtet.
Saker
Saker som må drøftas på det felles kommunestyremøtet:
-
Forslag til namn på den nye kommunen
-
Talet på medlemmer i det nye kommunestyret
-
Kriterium for samansetting av og funksjonar til fellesnemnd etter § 26 i inndelingslova
-
Val av revisor for verksemda i fellesnemnda
-
Opprettinga av eventuelt andre fellesorgan for å sikre gjennomføringa av samanslåinga
Innkalling frå Fylkesmannen til felles kommunestyremøte for nye Ålesund 21. juni 2017 (PDF, 485 kB)
Saksframlegg frå Fylkesmannen til det felles kommuenstyremøtet for nye Ålesund 21. juni 2017 (PDF, 4 MB)