Kva skjer?

november 2019
må.ty.on.to.fr.la.sø.
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
2526272829301
2345678
Komande hendingar
   

Arbeidet med å finne ny rådmann er i gang

talje_shutterstock_226297771.jpg - Klikk for stort bilete Rekrutteringsfirmaet Amrop Delphi har fått tilslaget om å finne rådmann til nye Ålesund kommune. Tilsetjinga av rådmann i nye Ålesund skjer etter planen i fellesnemnda sitt møte 5. oktober.

Tre av fem tilbydarar presenterte sine løysingsforslag for rekrutteringsprossen. Alle viste god fagleg kvalitet, god forståing av oppdraget og hadde relevant erfaring. Rekrutteringsfirmaet Amrop Delphi vart vald etter ei totalvurdering av innhald og kvalitet i tilbodet.

Jobben

Amrop Delphi skal bistå i utforminga av stillingsannonse og -profil for den nye rådmannen, og finne og oppfordre gode kandidatar til å søke stillinga. Amrop Delphi mottar søknadane og gjennomfører intervju i samarbeid med tilsetjingsutvalet. Det er ordførarene i dei fem kommunane som utgjer utvalet saman med ein tillitsvald som representerer dei tilsette i kommunane.

Rekrutteringsfirmaet skal òg ha samtalar med dei som er rådmenn i dei fem kommunane no.

Vegen vidare

Fagforeiningane i nye Ålesund kommune kom med sine innspel til prosessen 15. juni.
Utlysinga av stillinga startar 22. juni.
Søknadsfristen er 15. august.



 

Sist endra 20.06.2017 13:11
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Nihusvegen 3
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap Teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a