Kva skjer?

desember 2019
må.ty.on.to.fr.la.sø.
2526272829301
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
303112345
Komande hendingar
   

Om kommunereform

Trykk på lenkja og du vil finne kort informasjon om kommunereform, intensjonsavtale og vegen vidare.
 

Kvifor ei kommunereform?

Stortinget har bede kommunane greie ut og vurdere korleis ein best kan utøve mynde, ivareta demokratiet, levere tenester og drive god samfunnsutvikling innan avgrensa økonomiske rammer i framtida.
Kommunane har difor signert ein intensjonsavtale om å etablere ein felles kommune som kan møte desse utfordringane.


Kva er ein intensjonsavtale?

Ein intensjonsavtale er resultatet av forhandlingar mellom kommunane som saman ønskjer å byggje opp ei ny kommune. Avtalen er ikkje juridisk bindande, den  syner kva for prinsipp ein ønskjer å leggje til grunn for arbeidet fram mot den nye kommunen. Nokre av kommune har inngått fleire intensjonsavtaler. Ei fellesnemnd med representantar frå dei deltakande kommunane skal med utgangspunkt i intensjonsavtalen ha ansvar for å styre prosessen i perioden frå det er gjort vedtak og fram til ny kommune vert sett i verk 1.1.2020.
Før kommunestyret gjer endeleg vedtak i juni, skal innbyggjarane få uttale seg om intensjonsavtalen.


Kva er det forhandla om?

Kommunereforma set søkelys på at det offentlege står framfor utfordringar som stiller større krav til kommunane. I arbeidet med intensjonsavtalen har partane drøfta, og vorte sams om, felles prinsipp for korleis dei best kan løyse spørsmål innafor arealplanlegging, kollektivløysingar, samferdsle, lokaldemokrati, tenester og økonomi.


Tidsaspekt

• Innan 1. juli 2016 skal kommunane ha gjort vedtak om dei skal slå seg saman.
• Fylkesmannen skal godkjenne vedtaka og legg 3 . oktober 2016 fram si tilråding.
• Juni 2017 : Stortinget fattar vedtak om ny kommunestruktur og nye oppgåver.
• September 2019 kommunestyreval  til nye kommunar.
• Kommunesamanslåingane trer i kraft 1. januar 2020.

 

Sist endra 18.04.2016 17:29
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Nihusvegen 3
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap Teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a