Kva skjer?

november 2017
tyontofrla
303112345
6789101112
13141516171819
20212223242526
27282930123
45678910
Komande hendingar
   

Planlegg felles kommunestyremøte

Det felles kommunestyremøtet for nye Ålesund skal drøfte namn på den nye kommunen, talet på medlemmer i det nye kommunestyret og mandatet til fellesmenmdna.

Styringsgruppa for nye Ålesund planlegg det felles kommunestyremøtet 21. juni og arbeider med oppdatering av intensjonsavtalen på sitt møte 18. mai.

Felles kommunestyremøte

Det er fylkesmannen som kallar inn til felles kommunestyremøte. Møtet blir halde på Norsk maritimt kompetansesenter (NMK) i Ålesund ettermiddagen 21. juni (nærare tidspunkt kjem).  Eit felles kommunestyremøte er nødvendig fordi Kommunal- og moderniseringsdepartementet har foreslått at Haram går inn i nye Ålesund på tvers av lokale vedtak. 8. juni behandlar Stortinget forslaget til endringar i kommunestrukturen.

Planlegg_felles_kommunestyremøte.jpg - Klikk for stort bilete

 

Inndelingslova set eit minstekrav for kva tema kommunane skal drøfte på det felles kommunestyremøte, blant anna:

  • Forslag til namn på den nye kommunen. I intensjonsavtalen som blei inngått i juni 2016 framgår det at namnet på den nye kommunen blir Ålesund.

  • Talet på medlemmer i det nye kommunestyret. Med utgangpunkt i ein folkevald per tusen innbyggar i dei , er forslaget at det blir 65 medlemmar i det nye kommunestyret.

  • Kriterium for samansetjing av og funksjonar til fellesnemnd. Ved samanslåing av kommunar skal det opprettast ei fellesnemnd til å samordne og ta seg av førebuinga av samanslåinga. Erfaring frå andre kommunesamanslåingsprosessar tilseier at fellesnemnda bør få vidare fullmakter enn det som følgjer som eit minimum av inndelingslova. Dette for å sikre ein effektiv prosess.

    Dersom fellesnemnda ikkje har fullmakt til å fatte vedtak i ei sak, er det dei fem noverande kommunestyra som må fatte likelydande vedtak. Dette kan bli krevjande saksbehandlings- og vedtaksprosessar i perioden fram mot nytt kommunestyre i 2020.

Styringsgruppa skal diskutere framlegg til reglement og mandat for fellesnemnda.

På det felles kommunestyremøtet gjer dei involverte kommunane likelydande vedtak som fylkesmannen oversender til Kommunal og moderniseringsdepartementet.

Du finn uttømmande informasjon i sakspapira til møtet.

Intensjonsavtalen

Styringsgruppa får eit utkast til ei oppdatert utgåve av intensjonsavtalen som blei inngått i juni 2016. Arbeidsutvalet kjem med ei innstilling på bakgrunn av gruppearbeida i styringsgruppa 20. april. Det blir gruppearbeid for endeleg oppdatering av avtalen mellom kommunane.

Du finn forslag til oppdatert utgåve av intensjonsavtalen i sakspapira til møtet.

Hopehav – om interkommunale samarbeid

Ei arbeidsgruppe har kartlagt kva for interkommunale samarbeid dei fem kommunane er involverte i. Rapporten blir presentert i styringsgruppemøtet. Når fellesnemnda er sett ned får den via ei arbeidsgruppe, ioppgåve å vurdere kva samarbeid som bør bli sagt opp, kva som bør bli oppløyst og om det er ønskjeleg eller nødvendig for den nye kommunen å inngå i interkommunalt samarbeid på nye områder. Ei slik vurdering er nødvendig fordi den nye kommunen blir eit nytt rettsleg subjekt.

Lokaldemokrati

Styrkinga av lokaldemokratiet og medverknad spelar ei viktig rolle i intensjonsavtalen for nye Ålesund kommune. Styringsgruppa vedtok på førre møte å samle arbeidet med politisk organisering, demokrati og innbyggjarmedverknad i eit delprosjekt. Dette delprosjektet skal ha ein politisk leiar og koordinerast av demokratirådgjevar Mads Solberg.

Kvar kommune skal melde inn namna på to politiske og ein administrativ deltakar som kan delta i vidare arbeid med delprosjektet. Det er ynskjeleg å koma i gang med delprosjektet så snart som mogleg.
Du finn uttømmande informasjon om alle sakene som skal opp i styringsgruppemøtet i sakspapira.
Møtet blir halde 18. mai klokka 08.30 – 14.30 på ID-huset i Haram.


 

Sist endra 11.05.2017 18:25
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Rådhuset
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Org.nr.
: (fakturaadr. EHF) 964980454
Kontonr.
: 4212.23.24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr 9-14. Ons 10-14. Beredskapstlf. teknisk: 99 29 66 35

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a

Galleri