Kva skjer?

desember 2019
må.ty.on.to.fr.la.sø.
2526272829301
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
303112345
Komande hendingar
   

Møte i arbeidsgruppa til styringsgruppa for nye Ålesund kommune

Illustrasjon 6.10.2016.JPG - Klikk for stort bilete Arbeidsutvalet for nye Ålesund kommune møttast i Skodje 4. januar. Det vidare arbeidet framover blei diskutert og agendaen for styringsgruppa sitt møte 19. januar blei satt. 

 Det er ordførarane i dei fire kommunanen i nye Ålesund som utgjer arbeidsutvalet til styringsgruppa: Oddvar Myklebust (Sandøy), Dag Olav Tennfjord (Skodje), Karen Simonnes Aaens (Ørskog) og Eva Vinje Aurdal (Ålesund). Rådmennene i dei fire kommunane er også til stades på møta.

Sidan forrige møte er prosjektkoordinator Anne Berit Støyva Emblem på plass. Ho tiltrådde stillinga 9. januar.

Kommunikasjon
På møtet blei det bestemt at dei kommunikasjonsansvarlege i kommunane tar eit felles møte saman med prosjektkoordinatoren for å forberede oppgåver for styringsgruppa om kommunikasjonsstrategien og tiltaksplanen for den nye kommunen.


Det er behov for å styrke staben for kommunikasjon. Sak blir lagt fram for styringsgruppa.

Dagsorden til møtet i styringsgruppa 19. januar.

Styringsgruppa har politikarar og rådmenn frå dei fire kommunane som faste medlemmer. I tillegg møter tillitsvalde og andre fagsjefar på møta.

Møtet 19. januar blir lagt til Ørskog og begynner klokka 09.00.

Disse sakene skal diskuterast:
• Organisering av kontrollutval
• Utbygging av breiband
• Prosjektmidlar til infrastrukturtiltak
• Prosjekt for å styrke realfaga i grunnskolen og videregåande skole (Lego og Newton)
• Etablering av hydrogenstasjon
• Kartlegging av interkommunalt samarbeid
• Gruppearbeid om informasjonstiltak
• Presentasjon av næringsliv i Ørskog.

Referat frå møtet (PDF, 378 kB)

Sist endra 12.01.2017 07:42
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Nihusvegen 3
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap Teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a