Kommunane Sandøy, Skodje og Ålesund har vedtatt å danne nye Ålesund kommune. Ørskog kommune tar stilling til om dei vil gå inn i arbeidet 24. november.
Oppgåver
Prosjektkoordinatoren skal forberede etableringa av nye Ålesund kommune saman med styringsgruppa. Styringsgruppa skal legge til rette for den vidare prosessen i samanslåingsarbeidet og består av fem politikarar frå kvar kommune.
Det er også prosjektkoordinator si oppgåve å sørge for god dialog mellom dei deltakande kommunane og andre sentrale aktørar, sikre god informasjonsflyt om prosjektet til tilsette og innbyggarar og å ha sekretariatfunksjon og økonomistyring.
Fokusområde
Etter stortinget sitt vedtak våren 2017, vil det blir oppretta ei fellesnemnd med tre representantar frå kvar kommune. Nemnda har det formelle ansvaret for å førebu den nye kommunen i samsvar med intensjonsavtalen.
Sentrale fokusområde for styringsgruppa og seinare fellesnemnda sitt arbeid vil blant anna vere å:
-
Utarbeide mandat og arbeidsoppgåver for fellesnemnda.
-
Ta for seg eigarskap og interkommunalt samarbeid.
-
Effektiv og dynamisk organisering av den nye kommunen.
-
Bygging av felles kultur og identitet.
-
Arbeidsgivaransvar i omstillingsprosessen.
Kvalifikasjonar
Prosjektkoordinatoren blir tilsett i 100 % stilling ut 2017 med mogleg forlenging.
Den som blir tilsett må ha:
-
Relevant utdanning på bachelor- eller masternivå.
-
God kjennskap til kommunesektoren og kommunereforma.
-
Erfaring med prosjekt- og prosessleiing, samt omstillingsarbeid.
-
Erfaring frå offentleg verksemd/forvaltning.
Vi ønsker ein person som har gode samarbeidsevner og som er strukturert og sjølvstendig, ansvarsbevisst og tillitsskapande. Du må vere flink til å kommunisere både skriftleg og munnleg.
Vi tilbyr
Til gjengjeld så kan vi love prosjektkoordinatoren spennande og utfordrande arbeidsoppgåver som inneber å vere med å forme nye Ålesund kommune. Du vil komme i tett kontakt med ulike fagmiljø, ha gode og konkurransedyktige vilkår og god pensjonsordning.
Her er heile utlysningsteksten, søkeskjema og kontaktinformasjon om du har spørsmål:
Les meir om kommunereforma og arbeidet med nye Ålesund kommune: