Reguleringsplan for gang- og sykkelveg Skodje kyrkje - Olmanngjerdet - Kunngjering om offentleg ettersyn

Plankart gangveg kyrkje Olmanngjerdet - Offentleg ettersyn - Klikk for stort bilete Det faste planutvalet vedtok i møte 22.1.2019 i FPU – sak 3/19 å legge forslag til reguleringsplan for gang- og sykkelveg Skodje kyrkje – Olmanngjerdet ut til offentleg ettersyn.

Eventuelle merknader til saka skal vere skriftelege, og sendast Skodje kommune, 6260 Skodje, innan 10.3.2019.

Planområdet ligg på Olmannsgarden, langs fylkesveg 106, aust for Skodje sentrum like ved Skodje kyrkje. Etter varsel om oppstart er plangrensa redusert til å berre femne om nødvendig areal til fv 106, gang- og sykkelveg langs fv. 106 og opparbeidde vegar til bustadar.

Planområdet dekkjer 5 dekar.

Føremålet med planarbeidet er å knyte bustadområdet saman med sentrum og rydde opp i avkøyrslene frå Simengjerdet og Olmanngjerdet frå fylkesvegen. Tiltaket vil samla sett gi betre trafikktryggleik på strekninga.

Eventuelle merknader til saka skal vere skriftelege, og sendast Skodje kommune, 6260 Skodje, innan
10.3.2019.

Plandokument:

Vedtak om offenleg ettersyn - sak 03/19 vedtatt 22.1.2019 (PDF, 446 kB)
Plankart, datert 8.1.2019 (PDF, 3 MB)
Planføresegner, datert 8.1.2019 (PDF, 540 kB)
Planomtale, datert 8.1.2019 (PDF, 22 MB)
ROS-analyse (PDF, 618 kB)
Innkomne merknadar etter varsel om oppstart (PDF, 3 MB)
Merknadsvurdering (PDF, 303 kB)

Sist endra 05.02.2019 11:40