Reguleringsplan for trafikkavvikling ved skuleområdet i Skodje sentrum - offentleg ettersyn

Plankart trafikkavvikling til heimesida - offentleg ettersyn.JPG - Klikk for stort bilete I møte 14.5.2019 i PS-sak 33/19 vedtok det faste planutvalet å legge reguleringsplan for trafikkavvikling for skuleområdet i Skodje sentrum ut til offentleg ettersyn.

Føremålet med planen er å etablere ein ny tilkomst, som saman med eit nytt samla parkeringsareal for skulane, aktivitetsområde, kulturhus og idrettshall, vil prioritere mjuke trafikantar, auke trafikktryggleiken og redusere trafikken inne på skuleområdet. Dette gjer det muleg å etablere større areal til leik og aktivitetar slik at skulane kan tilfredsstille gjeldande retningslinjer for uteopphaldsareal.

Merknader til planen skal vere skriftleg og leverast til kommunen sitt postmottak.
Postadresse: Nihusvegen 3, 6260 Skodje
E-post: postmottak@skodje.kommune.no

Plandokument:
Plankart (PDF, 4 MB)
Føresegner (PDF, 5 MB)
Planomtale (PDF, 17 MB)

Andre dokument:
Vedtak og saksutgreiing for offentleg ettersyn - FPU-sak 33/19 (PDF, 329 kB)
Trafikale vurderingar - Skuleområdet i skodje sentrum (PDF, 5 MB)

Sist endra 21.05.2019 18.13