Kva skjer?

mars 2019
tyontofrla
25262728123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
1234567
Komande hendingar
   

Retningsval for styringsgruppa

Illustrasjon planar.jpg - Klikk for stort bilete

Korleis skape nye Ålesund? Styringsgruppa har hatt sitt andre møte og no byrjar arbeidet å konkretisere seg.

For andre gong møttast politikarar, administrasjon og tillitsvalde for å arbeide mot kommunesamanslåing i 2020. Møtet blei halde i Kystverket sine lokale på Skansekaia i Ålesund.

Det er førebels Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund som dannar nye Ålesund og det var fyrste gong Ørskog var med på styringsgruppemøte.

Eva Vinje Aurdal, ordførar i Ålesund, blei på møtet vald til leiar av styringsgruppa, medan Dag Olav Tennfjord, ordførar i Skodje, vart nestleiar.

Styringsgruppa har desse medlemene:Styringsgruppa for kommunereform 10.11.16.JPG - Klikk for stort bilete

Sandøy
• Oddvar Myklebust
• Espen Myklebust
• Hildegard Maier
• Jessica Gärtner
• Åse Kristin Ask Bakke

Rådmann:
• Ann-Heidi Paulsen Orvik

Skodje
• Dag Olav Tennfjord
• Kari Grindvik
• Terje Vadset
• Modolf Hareide
• Aina Strand

Rådmann:
• Bente Glomset Vikhagen

Ørskog
• Kari Simonnes Aanes
• Geir Petter Aure
• Ola Kjetil Sjøholt

Rådmann:
• Synnøve Vasstrand Synnes

Ålesund
• Eva Vinje Aurdal
• Tore Johan Øvstebø
• Øystein Tvedt
• Geir Stenseth
• Anne Kristin Bryne

Rådmann:
• Astrid Eidsvik

Personalsjefane er også sterkt involverte i prosessen, saman med andre fagsjefar og tillitsvalde i dei forskjellige kommunane. Fleire var til stades på møtet.

Styringsgruppa skal ta hand om prosessen med kommunesamanslåing fram til fellesnemnda tar over. Den byrjar sitt arbeid når Stortinget har gjort det endelege vedtaket i løpet av våren 2017 om kva for kommunar som skal slå seg saman.

Tillitsvalde
På møtet blei det bestemt at fire tillitsvalde og eitt hovudverneombod skal delta i styringsgruppa sitt arbeid. Organisasjonane må sjølve bli einige om kven dette blir.

Arbeidet med kommunereforma
På møtet la personalsjefen i Ålesund fram ei revidert skisse til prosjektplan som trekkjer fram viktige punkt i det vidare arbeidet.

I tillegg til styringsgruppa vil det bli oppnemnt et arbeidsutval med ordførarane som medlemer og varaordførarane som vara. Arbeidsuvalet kan be rådmennene om hjelp i arbeidet og gi dei høve til å delta i møta.

Det blei bestemt at styringsgruppa skal engasjere ein prosjektkoordinator som blir rekruttert eksternt, fram til vedtak i Stortinget.

Interkommunalt samarbeid
Ei endring i kommunestrukturen vil føre til ein gjennomgang av dei interkommunale samarbeida. På møtet blei det gitt ei oversikt over status for samarbeidsordningar i Ålesund. Konklusjonen blei at kvar kommune lagar ei oversikt for sine samarbeidsordningar. Dei kommunane som ikkje har utarbeidd eigarskapsmelding, utarbeider det. Oversikta og eigerskapsmeldingane dannar grunnlaget for det vidare arbeidet. Rådmennene blei bedt om å lage ein milepelsplan for dette arbeidet til neste møte.

Les heile referatet (PDF, 301 kB)
 

Sist endra 14.11.2016 07:22
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Nihusvegen 3
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap Teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a