Kva skjer?

oktober 2019
må.ty.on.to.fr.la.sø.
30123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031123
45678910
Komande hendingar
   

Samandrag av intensjonsavtale "Ålesund kommune"

Nasjonal slagkraft. regional attraktivitet og lokal identitet

Visjonen til regionkommmune Ålesund bygger på lokalt mangfald og skaparkraft.
Kommunane som vil bygge ein ny kommune er ulike, men likeverdige. Regionkommune Ålesund skal etablerast, driftast og vidareutviklast med utgangspunkt i den einskilde kommune sin styrke og særpreg.

Demokrati

Regionkommune Ålesund skal vere organisert etter formannskapsmodellen. Kommunestyret skal vere det overordna politiske organet i kommunen. Den politiske organiseringa skal sikre heilskapleg  planlegging og lokal medverknad på kommunedelnivå. For å styrke nærdemokratiet, vil kommunen ha kommunedelutval. Kommunedelutvala dekkjer eit geografisk område som svarer til dei gamle kommunegrensene, med unntak av Ålesund, som kan ha fleire utval.
Utvala skal ha delegert mynde og budsjettansvar på avgrensa område innanfor det geografiske området dei dekkjer. Utvala kan sjølv ta initiativ til saker og vere rådgivande for politiske organ. Kommunedelane kan sjølve etablere ulike ordningar for dialog med innbyggarane.
Den nye kommunen skal ha særleg fokus på digitale plattformer som hjelpemiddel for innbyggarinvolvering. Det skal utgreiast konkrete løysingar for e-demokrati i den nye kommunen.

Samfunnsutvikling

Regionkommune Ålesund skal bygge opp under næringsutvikling, samferdsel, verdiskaping og innovasjon.
Regionkommune Ålesund skal sikre ei samordna planlegging for utvikling med tanke på både byutvikling og generell tettstadutvikling, og dei involverte kommunane vil så tidleg som mogleg starte arbeidet med ein felles planstrategi med mål om å harmonisere arbeidet.

Tenesteutøving

Rådhuset skal leggast til Ålesund sentrum. Her skal ordførar, rådmann og andre funksjonar nært knytt til rådmannen, ligge.
Dei kommunale tenestene skal vere nær brukarane. Regionkommune Ålesund skal fordele ansvaret for fagmiljø mellom dei tidligare kommunesentra for å samle fagmiljøa, samtidig som alle kommunedelsentra får viktige kompetansearbeidsplassar og eit ansvar for å forvalte desse for heile kommunen.
Barnehage, SFO, skule, kulturskule, eldreomsorg, legesenter, bibliotek, servicetorg, symjebasseng og andre basistenester skal i hovudsak vere plassert som i dag.
Organiseringa av kommunen skal gje gevinstar gjennom å arbeide effektivt.

Økonomi

Det er eit mål at økonomien i regionkommune Ålesund skal vere i balanse og vere solid i eit langsiktig perspektiv. Kommunen må sikre seg eit forsvarlig økonomisk handlingsrom for å sikre gode tenester til innbyggarane i framtida.
Alt frå hausten 2016 skal kommunane starte å nærme seg ein felles økonomiplanprosess med tanke på den nye kommunen. Investeringsprosjekt som allereie er innarbeidd og finansierte i dei tidligare kommunane sine økonomiplanar, skal prioriterast i regionkommune Ålesund sine budsjett- og økonomiplanar.
Prinsippet som blir lagt til grunn er at alle kommunar går inn i den nye kommunen som dei er, og legg i potten det dei har.

Regionkommune Ålesund vil arbeide for:

• At regionen skal bli ein attraktiv kvardagsregion for innbyggarane i dag og i framtida, i samarbeid med andre samfunnsaktørar.
• Å vere sterkare motvekt mot sentralisering til dei store landsdelssentra som Oslo, Bergen og Trondheim.
• Ein miljøstrategi i samsvar med det grøne skiftet.
• Ein folkehelsestrategi i tråd med framtida sine utfordringar.
• Samferdselsprosjekt som medverkar til å binde saman regionkommune Ålesund vil bli prioritert.
• At næringsklynger skal vidareutviklast.
• At Ålesund sjukehus skal ivaretakast og vidareutviklast som det største sjukehuset i fylket.
• At gevinstane vi får realisert gjennom stordriftsfordelar skal gå til å styrke tenestene og realisere visjonen for regionkommune Ålesund.

Motto

Det vi skal, skal vi vere gode til. Det vi vil, skal vi våge å gjere noko med.

 

Sist endra 18.04.2016 17:29
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Nihusvegen 3
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap Teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a