Velkommen til Stette barnehage

Vår visjon:

″Eg er meg når eg er saman med deg″

Stette barnehage har vore drifta i eige bygg sidan påska 2014 og gleda er stor blant barn, foreldre og tilsette i barnehagen. Barnehagen har tidlegere vore drifta i skulebygget på Stette og i Grendehuset. I dag er Stette barnehage ein av dei 4 kommunale barnehagane som er driven og eigd av Skodje kommune.

Dei kommunale barnehagane har ein felles einingsleiar og på kvar barnehage er der ein styrar. Stette barnehage har to avdelingar med tre barnegrupper. Ved oppstart i august 2015 har vi 37 barn i alderen 0-6 år som brukar 46 plassar. Barnehagen er bygd for 72 plassar og lokala opplevast som lyst og lett med gode rom for ulike aktivitetar tilpassa dei ulike barnegruppene.

Barnehagen ligg eit flott naturområde med utsikt over Stettevika og med Stette friskule som nærmaste nabo. Vi har kort vei til skog, fjøre og i tillegg har vi eit flott inngjerda uteområdet med grue, grillhytte –«Revehiet» og mange ulike leikemoglegheiter. Vi har også moglegheiter til å bruke gymsalen i skulen og grendehuset til ulike aktivitetar. Pr. i dag har vi to avdelinger: Solstrålane som har 15 barn 0-2 år og Fjørefantane som har 20 barn 3-6 år.

 

Vi tilbyr:

  • Eit nytt og flott ute- og innemiljø
  • Eit engasjerte, kreative og stabilt personale
  • Fokus på godt samapel mellom barn og vaksne
  • Fokus på pedagogisk dokumentasjon
  • Prosjekarbeid som metode
  • Fokus på kompetanseheving og utvikling
  • Dagleg opningstid frå 07.00-16.45
  • Lunsj og ettermiddagsmåltid

Stette barnehage vert driven etter heimel i Lov om barnehagar. Rammeplan for barnehagen gir føringar for innhaldet og oppgåvene til barnehagen. Årsplanen vår (PDF, 2 MB)gir oversikt over den pedagogiske verksemda, samtidig som den beskriv barnehagen sine satsingsområder.  Den seier noko om korleis vi er organisert, og korleis vi arbeider med omsorg, leik og læring. Avdelingane med sine grupper presenterer seg nærmare i  årsplanen Del 2. Dei fire kommunale barnhagane har også ein felles årsplandel (PDF, 2 MB).

 

Kontaktinformasjon Stette barnehage:

Adresse: Bjønnavika 7, 6260 Skodje

Einingsleiar

Janne Aamelfot

janneaamelfot@skodjekommune.no Tlf: 95 87 55 69

 

Styrar

Marianne Nesvik Tøsse

marianne.tosse@skodje.kommune.no

Tlf: 97043396/70244800

Storbarnsavdeling

  • Fjørefantane
 

Tlf:

  • 41458125/91733865

Småbarnsavdeling

  • Solstrålane
 

Tlf:

  • 90475883

 

Sist endra 11.04.2019 16:37
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Nihusvegen 3
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap Teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a